Høyringsfristen for nye læreplanar nærmar seg

Illustrasjonsfoto (Pixabay)
Illustrasjonsfoto (Pixabay)

Vil du gje innspel til forslaga til nye læreplanar, er høyringsfristen 18. juni.

Dei nye læreplanane skal takast i bruk frå 2020. Kritisk tenking og refleksjon vil bli ein viktig del av det elevane skal lære i skulen.

Utdanningsdirektoratet har alt lagt ut mange artiklar, filmar og anna støttemateriell til hjelp i arbeidet med innføringa av det nye læreplanverket.

Du finn informasjon om tema som:

- Kvifor fornyar ein læreplanane?
- Elevane skal få meir tid til djupnelæring.
- Ny overordna del.
- Nye tverrfaglege tema.
- Ny læreplanstruktur.

Bakgrunnsinformasjon og støttemateriell

Her kan du lese forslaga til nye læreplanar i grunnskulen, gjennomgåande fag i vidaregåande samt nokre programfag.

Les meir om kvifor vi får nye læreplanar.

Aktuelle filmar om arbeidet med fagfornyinga.