Eit trygt og godt skulemiljø frå skulestart

Illustrasjonsfoto av samtale med ein skulegut.
Illustrasjonsfoto av samtale med ein skulegut.

Samtalar med elevane og samarbeid med heimen er sentralt når skulen skal følgje med på korleis elevane opplever skulekvardagen sin.

Plikta til å følgje med skil seg frå dei andre delpliktene i aktivitetsplikta ved at den gjeld alle elevar heile skuleåret. Følgje med-plikta handlar om meir enn skulen sine rutinar for  inspeksjon og trivselsundersøkingar. Her er samtalar med elevane og samarbeid med heimen sentralt når skulen skal følgje med på korleis elevane opplever skulekvardagen sin.

Elevsamtalen

For å fange opp elevar som ikkje har det bra på skulen må dei vaksne som er mest saman med elevane følgje med på korleis elevane ter seg. Endringar i åtferd hjå enkeltelevar eller endringar i eit klassemiljø er signal ein må ta på alvor. Det er ikkje alle elevar som sjølve tek initiativ til å fortelje at dei har det vanskeleg. Skulen må difor legge til rette for hyppige elevsamtalar, både formelle og uformelle, der eleven si oppleving av skulemiljøet er tema.

Samtale mellom kontaktlærar og elev i samband med oppstarten av eit nytt skuleår er eit godt utgangspunkt for å følgje med på korleis eleven opplever skulemiljøet. Nokre elevar kan oppleve det vanskeleg å opne seg i ein samtale. Dei kan ha lettare for å uttrykkje seg skriftleg. Logg er ein metode som kan nyttast for å få kjennskap til korleis elevane har det og kva tankar dei har om skulestart og  skulekvardagen framover.

Skule-heim-samarbeid

Skulen er ansvarleg for å legge til rette for eit samarbeid med heimen som oppmuntrar dei føresette til involvering og engasjement. Skulen bør sørge for at den første kontakten med heimen er av positiv karakter. Terskelen for å ta kontakt utover i skuleåret vert lågare og gir eit betre utgangspunkt for god dialog når det er trong for det. Dette kan til dømes gjerast ved at kontaktlærar har ein kort samtale med dei føresette i løpet av dei første vekene etter skulestart. Ein slik oppstartssamtale kan også gje skulen nyttig informasjon om tilhøve kring familie- og heimesituasjonen eller hendingar i sommarferien som kan påverke eleven si oppleving av skulemiljøet.

Særskilt sårbare elevar

Skulen har eit skjerpa ansvar for å ivareta elevar som er særskilt sårbare. Religion, seksuell orientering, kjønnsuttrykk, funksjonsevne, åtferdsvanskar, sosio-emosjonelle vanskar eller høve knytt til eleven sin  familie- og heimesituasjon kan gjere ein elev særskilt sårbar. Elevar som tidelegare har opplevd å ikkje ha det trygt og godt på skulen kan også vere særskilt sårbare.

Dokumentasjonskrav

Skulen skal dokumentere korleis dei følgjer med på korleis elevane har det. I stor grad vil det vere dokumentasjon knytt til aktivitetar som gjeld fleire elevar på skulen, som rutinar og planar for inspeksjon og ulike trivselsundersøkingar. I tillegg til dette må skulen kunne dokumentere korleis dei har følgt med på skulemiljøet til enkeltelevar. Slik dokumentasjon kan til dømes vere utfylte skjema frå elevsamtaler/utviklingssamtaler, eleven sine svar i trivselsundersøkingar, elevlogg, notat frå samtalar med eleven og notat frå samtalar med heimen. Utover at den skal vere skriftleg er det ikkje nokre krav til utforminga av dokumentasjonen.