Barn med nedsett funksjonsevne i barnehage

Dersom barn treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, må kommunen sikre at barna får eit eigna individuelt tilrettelagd tilbod etter barnehagelova § 19 g.

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Alle barn som går i barnehage har krav på eit tilbod som er i samsvar med barnehagelova og rammeplan for barnehagar. Barn med nedsett funksjonsevne skal ha høve til å delta i barnehage på same måte som andre barn. Dersom barnet treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, har kommunen ei plikt til å gjere vedtak som sikrar at barnet får eit eigna individuelt tilrettelagd tilbod etter barnehagelova § 19 g. Hensikta med den kommunale tilrettelegginga er å avhjelpe barnet sine utfordringar slik at barnet kan gjere seg nytte av barnehageplassen sin. Tilrettelegginga skal bli fastsett med utgangspunkt i barnet sine behov og ressursane skal bli tildelt barnet i eit enkeltvedtak.

Vedtak om tilrettelegging etter barnehagelova § 19 g skal bli gitt til barn som har behov for ei meir omfattande tilrettelegging av barnehagetilbodet enn det som kan gis innafor det ordinære barnehagetilbodet. Kommunen si plikt til å tilrettelegge blir slik avgrensa mot barnehageeigar si plikt og ansvar for tilrettelegging innafor det ordinære barnehagetilbodet.

Når kommunen får melding om tilretteleggingsbehov for eit enkeltbarn, skal kommunen uansett gjere vedtak. Dette gjeld både når det blir innvilga tilrettelegging, når det gis avslag, eller når saka blir avvist.

Kommunen er ikkje avskoren frå å tildele midlar til generell styrking av barnehagen, men ei styrking på bakgrunn av behovet til enkeltbarn med nedsett funksjonsevne, skal bli tildelt det aktuelle barnet i eit enkeltvedtak.

Nedsett funksjonsevne

Omgrepet «nedsatt funksjonsevne» er ikkje definert i barnehagelova, men vilkåret omfattar fysiske, psykiske og kognitive funksjonsnedsettingar. Ein må avgrense mot bagatellmessige og forbigåande forhold, og det som er å sjå som normalvariasjonen i småbarnsalderen vil falle utanfor. Sentralt i denne vurderinga er om barnet har ei funksjonsnedsetting av ein slik art at det hindrar barnet i å bruke barnehageplassen sin på lik linje med andre barnehagebarn. Her må kommunen gjere ei skjønnsmessig og konkret vurdering. I samband med dette må det i vedtaket bli vurdert konkret i kva situasjonar barnet kan seiast å ha nedsett funksjonsevne, og kvifor barnet har det.

Uforholdsmessig byrde

I barnehagelova § 19 g står det og at plikta til tilrettelegging ikkje omfattar tiltak som inneber ei «uforholdsmessig byrde» for kommunen. Dette handlar om kommunen si plikt til å tilrettelegge tilbodet i ein bestemt barnehage. Dette unntaket er meint som ein snever sikkerheitsventil. Foreldre med barn med nedsett funksjonsevne har i utgangspunktet rett til å velje barnehageplass på lik linje med andre foreldre. Kommunen sin økonomi kan ikkje vere eit omsyn i vurderinga av om tilrettelegginga skal bli gitt og kva omfang den skal ha. Kommunen kan difor ikkje avslå søknader med grunngjeving i at dei ikkje har økonomiske ressursar.

Grunngjeving i vedtaket

Når kommunen skal gjere vedtak om tilrettelegging, må dei følgje krava i forvaltningslova. Dette stiller mellom anna krav til at vedtaket er grunngjeve, og til at ei sak skal vere så godt opplyst som mogleg. Grunngjevinga skal sette mottakaren i stand til å forstå vedtaket. Dette stiller krav til at kommunen, på ein god og forståeleg måte, viser korleis dei har vurdert lova sine vilkår. Gode vurderingar krev at kommunen får saka godt nok opplyst.
Eit minimum for at vedtaket skal vere i samsvar med kravet til grunngjeving, er for det første at kommunen må vurdere funksjonsevna til barnet. Dersom kommunen kjem til at barnet har «nedsett funksjonsevne» i barnehagen, må kommunen identifisere kva som er til hinder for at barnet kan ta i bruk barnehageplassen sin på same måte som andre barn, og vurdere kva for tiltak som må til for å bygge ned desse barrierane. Kommunen må vurdere kva som vil være eigna tiltak for akkurat dette barnet. Tiltaka må bli vurdert opp mot barnet si funksjonsnedsetting og behov. Kommunen må konkretisere i kva situasjonar barnet treng tilrettelegging, når det treng tilrettelegging, og korleis tilrettelegginga skal bli utført.

Skille mellom tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp

Målsettinga med tilrettelegging etter barnehagelova § 19 g er ikkje ei endring eller utvikling hos barnet, men å bygge ned barrierane i barnehagen som gjer at barnet ikkje kan nyttiggjere seg av barnehagetilbodet på lik linje med andre barn. Sakkunnig vurdering og IOP er difor ikkje knytt til vedtak om tilrettelegging.
Formålet med spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova § 19 a, er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale ferdigheiter. Dette til forskjell frå tilrettelegging, der formålet er å tilpasse omgivnadane til barnet, slik at barnet kan bruke barnehageplassen sin.
Dei to paragrafane utløyser ulike plikter for kommunen og ulike rettar for barnet. Det er difor viktig at kommunen gjer vedtak etter rett lovparagraf. For barn som har rett til både tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen gjere to separate vedtak for barnet, begge med eigen klagerett.


Dersom barnet treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, har kommunen ei plikt til å gjere vedtak som sikrar at barnet får eit eigna individuelt tilrettelagd tilbod etter barnehagelova § 19 g.