Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Fylkesmannen.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Du kan klage

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie di meining om det barnevernet gjer sånn at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Vi jobbar med å utvikle enkle løysingar for å seie frå. Inntil vidare ber vi deg ta kontakt med Fylkesmannen der du bur. Treng du nokon å snakke med NO? Ring Alarmtelefonen på 116 111.

Vis meir


05.02.2020

Nytt skjema til bruk når barn på barnevernsinstitusjon har vore i kontakt med politiet

Fylkesmannen i Vestland har saman med Fylkesmannen sin fellesadministrasjon, FMFA, utarbeida eit enkelt, elektronisk skjema som barneverninstitusjonar kan bruke når dei skal orientere om at barn har vore i kontakt med politiet.

20.12.2019

Institusjonsopphald som ettervernstiltak i barnevernet

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg uttalt seg om institusjonsopphald for ungdom over 18 år.

12.12.2019

Nasjonal fagleg retningsline for tidleg oppdaging av utsette barn og unge

Retningslina skal bidra til å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunane slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging.

04.12.2019

Hjelp frå politi i akutte faresituasjonar på barnevernsinstitusjonar

Barnevernsinstitusjonar skal i utgangspunktet kunne handtere akutte faresituasjonar sjølv, men det kan oppstå uventa hendingar der institusjonen må be om hjelp frå politiet.

04.12.2019

Dersom institusjonar mistenker at barn oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstandar

Barnevernsinstitusjonen kan ikkje be politiet om å løyse institusjonen sine eigne oppgåver, som til dømes ransaking, etter reglane i rettigheitsforskrifta.

04.12.2019

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan bli opplevd som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. Barn vi snakkar med fortel også dette. I januar 2020 utarbeida vi eit nytt elektronisk skjema til bruk ved orientering om at barn har vore i kontakt med politiet.

04.12.2019

Kven kan ta vare på eit barn som har rømt frå ein barnevernsinstitusjon?

Når eit barn har rømt frå ein barneverninstitusjon kan barnet unntaksvis ha mellombels opphald på ein annan institusjon.

14.11.2019

Barneverntenesta kan ha samtalar med barn i barnehagen

Teieplikta til barneverntenesta er ikkje til hinder for at barneverntenesta kan be om å få snakke med eit barn i barnehagen.

06.11.2019

Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Politi og advokat kan søke elektronisk om fritak frå teieplikt for vitne som skal forklare seg for politi eller domstol. Her finn du informasjon om korleis du søker.

31.10.2019

Korleis identifisere mindreårige utsett for menneskehandel?

Å identifisere eit barn som mogleg offer for menneskehandel kan vere vanskeleg. Ein ny rettleiingsfunksjon kan hjelpe deg på veg.