Barnevern

Oppdatert 12.03.2024

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i barneverns- og helsenemnda.

Barn og unge har rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av barneverns- og helsenemnda, kan bringast inn for domstolane. Denne nemnda heitte tidlegare fylkesnemnda, men endra namn til barneverns- og helsenemda med den nye barnevernslova. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.02.2020

Barneombodet peikar på utfordringar i barnevernsinstitusjonar i ny rapport

Barneombodet kjem med innspel til styresmaktene i rapporten som dei har kalla «De tror vi er shitkids».


Publisert 20.12.2019

Institusjonsopphald som ettervernstiltak i barnevernet

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg uttalt seg om institusjonsopphald for ungdom over 18 år.


Publisert 12.12.2019

Nasjonal fagleg retningsline for tidleg oppdaging av utsette barn og unge

Retningslina skal bidra til å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunane slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging.


Publisert 04.12.2019

Kven kan ta vare på eit barn som har rømt frå ein barnevernsinstitusjon?

Når eit barn har rømt frå ein barneverninstitusjon kan barnet unntaksvis ha mellombels opphald på ein annan institusjon.


Publisert 14.11.2019

Barneverntenesta kan ha samtalar med barn i barnehagen

Teieplikta til barneverntenesta er ikkje til hinder for at barneverntenesta kan be om å få snakke med eit barn i barnehagen.


Publisert 06.11.2019, Sist endra 28.05.2021

Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Politi og advokat kan søke elektronisk om fritak frå teieplikt for vitne som skal forklare seg for politi eller domstol. Her finn du informasjon om korleis du søker.


Publisert 31.10.2019

Korleis identifisere mindreårige utsett for menneskehandel?

Å identifisere eit barn som mogleg offer for menneskehandel kan vere vanskeleg. Ein ny rettleiingsfunksjon kan hjelpe deg på veg.


Publisert 30.10.2019

Ungdom får ikkje alltid nødvendig hjelp av Fjell kommune

Fjell kommune sikrar ikkje at alle ungdomar som har eller har hatt tenester frå barnevernstenesta får den hjelpa dei treng.


Publisert 22.10.2019, Sist endra 16.03.2022

Alle har ei plikt til å hindre vald og overgrep

Dersom du veit, eller trur, at nokon kan bli utsett for vald eller overgrep, kan du ha ei lovpålagt plikt til å forsøke å hindre at det skjer.


Publisert 10.10.2019

Nær 80 millionar kroner til stillingar i barnevernet

I 2019 har Fylkesmannen i Vestland betalt ut 79 454 878 kroner i tilskot til det kommunale barnevernet. Dette finansierer i alt 109,5 stillingar i Hordaland og Sogn og Fjordane.