Produksjonstilskot 2018 – HUGS frist for etterregistreringer 10. januar

Søknader om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid hadde i 2018 søknadsfristar 15. mars og 15. oktober. Alle føretak som har levert søknad innan fristen, kan etterregistrere enkelte opplysningar i søknaden innan 10. januar 2019.

Fylgjande opplysningar kan etterregistrerast innan 10. januar:

  • Avløysarutgifter i 2018 som føretaket har hatt i perioden 16. oktober - 31. desember
  • Dyr på utmarksbeite som er sanka frå beite seinare enn 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun selde i perioden 16. oktober - 31. desember 2018
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland seld i perioden 16. oktober - 31. desember 2018

Dei etterregistrerte opplysningane skal leggjast til dei tala du allereie har fylt inn i søknaden. Eksempel: Då du leverte søknad i oktober, oppgav du at du hadde hatt kr 30 000 i avløysarutgifter så langt i 2018. Du har etter dette hatt kr 15 000 i utgifter. Når du nå skal etterregistrere dei siste avløysarutgiftene dine, oppdaterer du talet i søknaden til kr 45 000 (kr 30 000 + kr 15 000).

Søknadsskjema

Etterregistreringar skjer i same skjema som du fylte ut i oktober. Skjemaet finnast i Altinn, her.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune om du har spørsmål eller treng hjelp.

Meir informasjon

Landbruksdirektoratet har lagt ut mykje informasjon på si nettside under «Produksjon og marked». Her finn du mellom anna alt av rettleiingar og regelverk for 2018 under «Produksjonstilskudd - Aktuell søknadsomgang».