Helseerklæring

For å reise offshore må du ha ei gyldig helseerklæring (helseattest).

På denne sida finner du informasjon om helseerklæringar og petroleumslegane sitt arbeid. Det er ikkje fastsett pris på helseerklæringa. Prisen kan difor variere. 

Privatpersonar kan sende dokumenter til oss ved å bruke den raude knappen "send sikker melding". Hugs å velgje at meldinga skal til Fylkesmannen i Rogaland.

Petroleumslegen kan sende dispensasjonssøknader m.v på ein trygg måte ved å bruke den svarte knappen "send sikker melding (bedrift)". Hugs å velgje at meldinga skal til Fylkesmannen i Rogaland.

Vi vil som hovudregel svare innbyggjarane i Noreg via digital postkasse og legar og verksemder via Altinn.

 

Oppfyller eg helsekrava for å arbeide offshore?

Svar: Dersom du er i tvil om helsekrava er oppfylte, må du ta kontakt med ein petroleumslege. Petroleumslegen vil undersøke personen på bakgrunn av rettleiar IS-1879 og avgjere om helsekrava er oppfylte.


Endring i skjema for helseerklæring

Helsedirektoratet har bestemt at petroleumslegen må skrive utløpsdatoen for sin petroleumslegegodkjenning på helseerklæringer for offshorearbeidere.


Skjema til bruk ved helsesertifisering av offshorearbeidarar.

Helsedirektoratet har i 2012 fastsett skjema for eigenerklæring, legeundersøking, erklæring om ikkje oppfylte helsekrav og helseerklæring for personar i arbeid i petroleumsverksemda på innretningar til havs. Helseerklæringa er revidert i april 2017. Lenkje til side for nedlasting av skjema finner du til høgre.


Når treng eg offshore helseerklæring?

Det er bare personar som skal reise til faste og flyttbare innretningar som deltek i petroleumsverksemda, som skal ha offshore helseerklæring. Personar som skal reise til fartøy, treng etter regelverket ikkje slik erklæring.


Britiske og nederlandske helseerklæringar

Offshorearbeidarar frå utlandet kan frå 6. desember 2012 bruke britiske og nederlandske helseerklæringar når dei skal arbeide offshore i Noreg.


Rettleiar til helsekrav i petroleumsverksemda

Helsedirektoratet har gitt ei rettleiing til forskrift om helsekrav til personar i arbeid på innretningar i petroleumsverksemda til havs.


Sjøfolk som reiser offshore

Sjøfolk må ha helseerklæring for personar i petroleumsverksemda når dei skal reise offshore, sjølv om dei allereie har helseerklæring for arbeidstakarar på skip.


Informasjon om Klagenemnda

Klagenemnda si oppgåve er å overprøve Fylkesmannen i Rogaland sine vedtak. Det er Helsedirektoratet som oppnemner medlemmane i Klagenemnda. Klagenemnda vurderer sakene på eigne møte. Det er slike møte 3-4 gonger i året.


Når operatøren krevjar ny helseerklæring

Kva skjer dersom offshorehelsetenesta meiner ein person med gyldig helseerklæring ikkje har god nok helse til å arbeide offshore?


Helsekrav for offshoredykkarar

Fylkesmannen i Rogaland forvalter helsekrava for offshoredykking. Vi informerer her om ordninga.


Fleire nyhende