Tilskot til kommunalt rusarbeid

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
10. februar 2021 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
kommunar
Rapporteringsfrist:
10. februar 2021 23:59

Tilskotet skal bidra til auka og varig kapasitetsvekst i det samla kommunale tilbodet til personar med rusproblem.

Publisert 13.11.2020

Ordninga skal understøtte måla i Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016-2020) med vekt på auka brukarmedverknad, tidleg innsats og meir heilskapleg og tilgjengelege behandlings- og oppfølgingstenester. Medarbeidarar med brukarerfaring eller erfaringskonsulentar kan tilsettast gjennom ordninga.

Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2020 og søknad om tilskot i 2021 er 10. februar 2021.

Regelverk for tilskotet

Les regelverket nøye før de fyller ut søknadsskjema og rapporteringa. Sjå spesielt kapittel 4 Tildelingskriterium der det er gjort greie for prioriteringar, overgangsreglar og presiseringar. Regelverket  finn de under fana «Lenkjer».

Søknad og rapportering

Her kan du søkje gjennom Fylkesmannenes elektroniske søknads- og rappoteringsløysing. 

Det er ikkje naudsynt å levere revisorattest for dette tilskotet.

Du kan lese meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet.

Ved spørsmål av fagleg karakter, ta kontakt med Mona Fauskanger eller Siri Mæland. Kontaktinformasjon under «Kontaktpersonar».

Spørsmål som gjeld teknisk støtte til søknads- og rapporteringsskjemaet kan rettast til: hjelp@fmfa.fylkesmannen.no

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
10. februar 2021 23:59
Målgruppe:
Personar, eller grupper av personar, med rusmiddelrelaterte problem og deira pårørande
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søke:
kommunar
Rapporteringsfrist:
10. februar 2021 23:59