Opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg

Tilskottet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane til å gje grunnskoleopplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg.

Grunnskuleopplæring

Barn og unge asylsøkjarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskuleopplæring. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skuletida blir det gitt tilskott ut dette skuleåret. Kommunane søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkjaren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.

Vidaregåande opplæring

Unge asylsøkjarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av året blir det gitt tilskott ut dette skuleåret. Fylkeskommunen søker Fylkesmannen om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkjaren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskule") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema i høgremenyen.

Søknadsfrist:
31.03.2020 00:00:00
Målgruppe:
Barn og unge som søkjer opphald i Noreg
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Kven kan søkje:
Kommunar og fylkeskommunen

Kontaktpersonar