Tilskot til truga artar

Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde, jf.naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og arter som er klassifiserte som truga på Norsk rødliste for arter 2015. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald
  • Tiltak som forbetrar biotopar
  • Restaurering
  • Konkrete tiltak for einskildarter, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak
  • Gjerding
  • Kartlegging og overvaking knytt til tiltak

Det kan òg bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av strømnett som kan få slike tilskot. I tillegg til tiltak, kan det bli gitt tilskot til nødvendig utstyr og informasjon om artene.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist:
15.01.2020 23:59:00
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar
Ansvarleg:
Fylkesmannen