Fugleinfluensa er påvist i Vestland

Det føregår eit større utbrot av fugleinfluensa i fleire Finnmarkskommunar. Det er no påvist eit tilfelle i Gloppen, og ut frå erfaringar i andre delar av landet kan vi rekne med at sjukdomen spreier seg.

Publisert 01.08.2023

Fugleinfluensa er ein smittsam virussjukdom som primært smittar mellom fuglar. Mattilsynet har god informasjon på sine nettsider om sjukdomen og korleis du skal gå fram viss du finn sjuke eller daude fuglar.

Som hovudregel skal du melde slike funn til Mattilsynet, som alt etter omfang og i samarbeid med kommunen vil følgje opp vidare.  

For dei som driv med fjørfe i landbruket er godt smittevern spesielt viktig, og Mattilsynet har ei eiga nettside for profesjonelle fjørfehaldarar. 

Mattilsynet har også informasjon til andre som har fjørfe og andre fuglar i fangenskap som hobbydrift.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar