Erfaringar så langt frå covid-19-pandemien

Kva har vore positivt, og kva kan vi bli betre på i neste fase av handteringa?

Våren 2020 har ikkje vore ein normal vår. Heile samfunnet vart snudd på hovudet då utbrotet av koronaviruset kom. Svært mange, inkludert helseføretaka, kommunane og Fylkesmannen, la om verksemda for å kunne oppretthalde drift og ivareta kritiske oppgåver. Sjølv om vi no er inne i ein rolegare periode har ikkje viruset tatt ferie, og vi må førebu oss på nye større og mindre utbrot av smitte.

For å sikre at vi tek lærdom av erfaringane vi har gjort oss så langt i pandemien, har vi gjennomført ei undervegs-evaluering saman med kommunane og helseføretaka. Målet har vore å sjå på kva vi har lært av den første bølgja av pandemien, for at vi eventuelt kan endre og tilpasse oss for å vere endå betre rusta til å møte ei eventuell ny bølgje. Vi har sett på korleis kommunane og helseføretaka har handtert situasjonen og korleis dei opplever at vi har utøvd vår samordnings- og rettleiingsrolle.

Evalueringa er gjennomført i to fasar; ei spørjeundersøking og så oppfølgjande evalueringsmøte. For å leggje til rette for god dialog med kommunane, delte vi dei i fire møte, med eit eige møte med Bergen kommune. Vi har òg gjennomført eit eige evalueringsmøte med helseføretaka. Vi har skrive eigne evalueringsnotat etter møta med Bergen kommune og helseføretaka. Dei ligg som vedlegg til hovudrapporten.

I evalueringa er det identifisert nokre oppfølgingspunkt. Hovudvekta av desse gjeld kommunane, men det er òg funne oppfølgingspunkt for nasjonale styresmaktar og Fylkesmannen.

Eit av dei viktigaste oppfølgingspunkta er at vi tilrår at kommunane gjer ei vurdering av om dei har sett av tilstrekkeleg kapasitet til å ivareta funksjonane som kommuneoverlege og smittevernlege. Dei fleste kommunane seier at dei opplevde den eksisterande stillingsprosenten som for låg under pandemien, og at dei såg behov for å auke den. Kommunane har i stor grad klart å handtere dette på ein god måte og få på plass ordningar som gjer at dei har fått supplert eksisterande ressursar. Det er viktig at kommunane ser på korleis dei skal klare å halde oppe tilstrekkeleg kapasitet i så sentrale funksjonar både under den vidare handteringa av pandemien og når den er ferdig.