Vis omsyn til dyra i ferien din

Metallboksar i enga
Metallboksar i enga (Foto: Karoline Finstad Vold)

Kast ikkje metallboksar frå deg i naturen. Når husdyra får i seg metallrestar, kan det føre til store lidingar og død.

Husdyr på beite er framleis eit velkjent syn i store deler av vestlandslandskapet.
I sommar skal dei fleste av oss feriere i Noreg. Oppfordringa frå Fylkesmannen er klar: Kast ikkje søppel i naturen – dette er matfatet til dyra. Om dyra får i seg metall, kan det føre til indre blødingar og død.

Som barberblad i maten

Bønder må kvart år kjempe ein kamp mot skarpe metallbitar frå aluminiumsboksar, som hamnar i åker og eng, vert kutta opp under innhausting og til slutt endar i fôret til dyra.
Trass i at dei fleste kvittar seg med boksar i panteautomatar og konteinarar ligg det framleis mange boksar i graset langs vegane. Boksane gjer stor skade. Det blir samanlikna med å få barberblad i maten.

Kampanjestart

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har, saman med nestleiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, starta Norges Bondelags landsomfattende informasjonskampanje "Pant boksen". Målet er å gjera folk medvitne på kva som faktisk kan skje dersom du slenger frå deg brus- og ølboksar i naturen.

Lett å løyse

Korleis kan du bidra til at verda blir ein tryggare og betre stad for dyra? Ta med deg søppelet ditt heim! God sommar – og velkomen til gode feriedagar i vestlands-landskapet!