Vil du gjere gardsdrifta betre og meir framtidsretta?

Klimarådgiving kan gi gode råd for betre økonomi, mindre utslepp og betre tilpassing til eit endra klima.
Klimarådgiving kan gi gode råd for betre økonomi, mindre utslepp og betre tilpassing til eit endra klima. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Når du tek klimarådgjeving, får du hjelp til å optimalisere drifta på garden og kan dermed oppnå både betre økonomi og reduserte klimautslepp. I rådgjevinga ser de òg på kva tilpassingar du bør gjere for å tilpasse og ruste drifta og garden i møte med klimaendringane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.09.2022

Tilskot til klimarådgjeving vart innført i alle fylke frå og med 2021. I første omgang er tilskotet innført for ein pilotfase på tre år slik at det kan gjerast justeringar etter kvart som ein får erfaringar med tiltaket.

Kva er klimarådgjeving?

Under klimarådgjevinga går ein gjennom alle produksjonane på garden og ser på kva som kan gjerast for å få endå betre resultat. Det er best både for økonomien og for klimaet å ha god vekst på planter, god tilvekst på dyra, god helse på planter og dyr osb. Klimagassutslepp er ofte næringsstoff på avvegar og rådgjevinga tek for seg klimagassutslepp på garden. Det vert òg sett på karbonbinding i jord og kva som trengs for å tilpasse drifta til eit endra klima. Rådgjevarane lagar ein tiltaksplan med moglege tiltak.

Kven tilbyr klimarådgjeving?

I Vestland er det Norsk Landbruksrådgiving og Tine som tilbyr klimarådgjeving. Desse er godkjente av Landbruksdirektoratet.

Tiltaksplan

Rådgjevarane utarbeidar ein tiltaksplan for føretaket. Tiltaksplanen skal signerast av dei involverte rådgjevarane, og signert tiltaksplan må leggjast ved søknaden for at du skal få tilskot.

Det er ikkje krav om at du har gjennomført tiltaka for å få tilskotet, men det er eit mål at du gjennomfører tiltaka.

Kor tid kan eg søkje om tilskotet?

Tilskot til klimarådgjeving søker du gjennom Regionalt miljøprogram (RMP), og søknadsfristen er 15. oktober. Du kan berre søkje om tilskot for klimarådgjeving som er gjennomført sidan førre søknadsfrist. Det vil sei at du kan søkje om tilskot for klimarådgjeving som er gjennomført etter 15. oktober i føregåande år, og rådgjeving og tiltaksplan må vere ferdige innan søknadsfristen.

Det er mogeleg å søke tilskot for klimarådgjeving ein gong per søknadsomgang. Dersom du vil søkje ved fleire søknadsomgangar, må det kome fram av tiltaksplanen at det er gjennomført heilskapleg rådgjeving på nytt, og du må leggje oppdatert tiltaksplan ved søknaden som dokumentasjon.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

To-til-ein rådgjeving
Gjeld kun føretak med både mjølkeproduksjon og grovfôrproduksjon.
kr 8 000 for fullført klimarådgjeving
Ein-til-ein rådgjeving
Gjeld føretak med ein eller fleire produksjonar.
kr 6 000 for fullført klimarådgjeving
Grupperådgjeving, alle produksjonar kr 2 000 for fullført klimarådgjeving

 

(Tiltaket gjeld føretak som har gjennomført heilskapleg klimarådgjeving med godkjent rådgjevar sidan førre søknadsomgang. I samband med klimarådgjevinga skal det utarbeidast eigen tiltaksplan for føretaket, eventuelt at tidlegare tiltaksplan er oppdatert vesentleg. Tiltaksplan signert av rådgjevar må leggjast ved søknaden.)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.