Kva bør bonden vite om dagleg drift nær vassdrag?

Bekk, grønt gras, kantvegetasjon
Ikkje kom for nær, vis omsyn til bekken! Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Sjølv om ein ønskjer gode avlingar, må ein halde avstand til bekken i den daglege jordbruksdrifta.

Publisert 26.04.2024, Sist endra 26.04.2024

Drifta på jordbruksarealet kan føre til skade for vassdrag og livet langs vassdraget. Det er difor klare krav til jordbruksdrifta, mellom anna:

  • Du kan ikkje gjødsle heilt ut til kanten av elver, småbekker og opne kanalar. Mange stadar kan du få regionalt miljøtilskot for å halde ekstra stor avstand.
  • Du kan aldri bruke plantevernmiddel nærare enn tre meter frå overflatevatn, og for nokre middel er det større avstandskrav.
  • Du kan ikkje jordarbeide nærare enn to meter frå vassdrag med årssikker vassføring, dersom du søkjer produksjonstilskot.
  • Du kan ikkje fjerne naturleg kantvegetasjon langs vassdrag. Dette gjeld både buskar, tre, urter og gras.

Brot på krava om omsyn til vassdrag kan mellom anna medføre trekk i produksjonstilskot. Andre frivillige tiltak kan det vere mogleg å få tilskot til.

Les meir

Både for husdyrgjødsel, anna organisk gjødsel og mineralgjødsel er det ein grei tommelfingerregel å halde minimum to meter avstand til vassdrag. I nokre tilfelle trengst større avstand for å unngå næringsavrenning og dårleg vasskvalitet. Du bør vere ekstra forsiktig nær småbekkar med lita vassføring, der sjølv litt gjødsel på avvege kan gjere skade. Krav om å halde avstand gjeld òg kanal og open grøft på bøen. Kravet er knytt til tolking av forureiningslova §§ 7-8, som seier at du har plikt til å unngå forureining, utover vanleg forureining frå jordbruk.

Det er tilrådeleg å halde større avstand enn minimumskravet. I regionalt miljøprogram (RMP) for Vestland blir det sett på som miljøvenleg drift å halde minst fire meter avstand til vassdrag, som i prioriterte område kan gi rett til ekstra tilskot til gjødselfri kantsone i eng.

Normalt sett er det lite spreiing av husdyrgjødsel etter 1. september, men ved eventuell haustspreiing er det oftast større krav til avstand. Fleire kommunale forskrifter i Vestland har krav om seks eller ti meter avstand til vassdrag ved haustspreiing. Det kan òg vere andre og meir detaljerte retningsliner, anten i forskrifta eller i enkeltvedtak.

Det er venta at nytt regelverk for gjødsling blir innført frå 2025, og det kan då bli endra avstandskrav for gjødsling nær vassdrag.

Du kan aldri bruke plantevernmiddel nærare enn tre meter frå overflatevatn / ope vatn. Dersom det står større avstandskrav på etiketten til plantevernmiddelet, er det denne som gjeld. Nokre vanlege ugrasmiddel med fem eller ti meter avstandskrav til vatn er Starane XL, Harmony 50SX og Flurostar 200 i eng og Basagran SG og Lentagran i attlegg.

Kravet om å halde avstand gjeld òg mot kanalar, vassførande stikkrenner og open grøft med vatn, i tillegg til open grøft utan vatn når ein ventar at det kjem vatn der i løpet av kort tid. For å kunne få RMP-tilskotet til gjødselfri kantsone i eng kan du ikkje sprøyte dei næraste fire meterane mot vassdrag.

Du kan ikkje sprøyte inn i kantvegetasjonen mellom enga og elva, uansett avstand. Det er eit generelt forbod mot å bruke plantevernmiddel i kantsoner og åkerholmer. Ved spesielle behov kan du søkje kommunen om å sprøyte i kantsone, og du kan søkje Mattilsynet om å sprøyte nærare vatn enn avstandskravet for plantevernmiddelet. Dette kan til dømes vere aktuelt ved bekjemping av svartelista artar. Krava knytt til bruk av plantevernmiddel kjem frå forskrift om plantevernmiddel §§ 19-20.

Det er absolutt krav om minimum to meter mot vassdrag, der du aldri kan jordarbeide. Dette gjeld òg langs kanal og open grøft der det er årssikker vassføring. Etter forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot paragraf 4 er det krav om at jordbruksarealet her alltid har vegetasjon. Denne vegetasjonen kan vere gamal eng som blir hausta eller beita.

Kommunen skal avkorte i produksjons- og avløysartilskot når vegetasjonssona er mindre enn to meter brei. Om kravet vert brote, er norma for avkorting kr 20 000, pluss kr 1000 per meter som kravet til vegetasjonssone ikkje er oppfylt.

På eng i drift er det er lov å slå gras heilt ut til elvekanten, dersom den naturlege kantvegetasjonen ikkje har reetablert seg. Dersom jordbruksarealet ligg heilt nær vassdrag er det ønskeleg for livet i vatnet å ikkje hauste heilt ut til elvekanten og heller la det vekse opp naturleg vegetasjon nær vassdraget

Det er ikkje lov å fjerne buskar, tre og anna naturleg vegetasjon langs vassdrag. Beiterydding av attgrodd areal må skje i god avstand til vassdrag, og du kan ikkje rydde mellom slåtteteigen og vassdraget for å få eit «ryddig landskap». Du er plikta til å oppretthalde den naturlege kantvegetasjonen langs vassdraget, då vegetasjonen er verna etter vassressurslova § 11. Det er ikkje det enkelte treet som er verna, men funksjonane vegetasjonen har. Kantvegetasjon kan skjøttast gjennom selektiv hogst. Så lenge uttaket ikkje reduserer funksjonane kantvegetasjonen er meint å oppretthalde, er ikkje tiltaket søknadspliktig. Ein god tommelfingerregel ved skjøtsel er at ein ikkje kan sjå etterpå at det har vore gjennomført hogst.

Vassressurslova set krav til å oppretthalde kantvegetasjon, men det er ikkje krav om å reetablere kantvegetasjon dersom den er fjerna før lova vart gjeldande i 2001. Reetablering av kantvegetasjon kan vere aktuelt som frivillig tiltak. Dette kan gje betre levetilhøve for fisk, elvemusling, fuglar, dyr og planter på land, og redusere erosjon og næringsavrenning til vassdrag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.