Kulturlandskap

Kulturlandskap med styvingstre. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Jordbruket sitt kulturlandskap vert også gjerne kalla jordbrukslandskapet. Dette landskapet har jordbruket forma gjennom drift i fleire hunder år og gjer det også i dag. 

Jordbrukslandskapet er ein viktig del av nærmiljøet, og skapar tilhøyrigheit. Det gjev opplevingar av lokal natur, kultur og historie. Dette er viktige ressursar for lokal verdiskaping og utvikling i jordbruksbygdene. 

Det er eit viktig landbrukspolitisk mål å sikre berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt vern av jordsmonnet, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet. Landbruket har eit ansvar for å følgje opp desse måla gjennom god forvaltning og drift av areala. 

Arbeidet med kulturlandskap er tverrsektorielt og femner både landbruk, natur og kulturminnesektoren. Aktuelle tilskotsordningar kan vere ordningar til dømes både under SMIL, regionalt miljøprogram, tilskot til truga naturtypar og tilskot til fjerning av framande artar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.08.2023

Nok ein pris til kulturlandskapet i Vestland

Dagen etter utdelinga av Kulturlandskapsprisen i Vestland til verdsarvbøndene i Undredal, vart Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen


Publisert 23.08.2023

Kulturlandskapsprisen til verdsarvsbøndene i Undredal

– Denne aller første Kulturlandskapsprisen i Vestland går til det framifrå arbeidet de gjer for å ta vare på verdiane i landbruket sitt kulturlandskap. Gratulerer så mykje, sa fylkesordførar Jon Askeland, då han delte ut prisen i Undredal tysdag.