Biorest kan gje auka forureining frå landbruket

Bilde viser jordbruksjord som er gjødsla med husdyrgjødsel.
På jordbruksjord der det har blitt gjødsla med husdyrgjødsel i lang tid, er jorda så næringsrik at det ikkje er behov for næringsrik biorest. Foto: Norsk Landbruksrådgiving AS.

I Vestland er det store planar for produksjon av biogass, og industriaktørane ønskjer å bruke bioresten som gjødsel på landbruksareala. Høgt næringsinnhald i jorda kan setje ein stoppar for dette.

Publisert 06.03.2024

Biogass vert produsert frå husdyrgjødsel, matavfall og med avfall frå oppdrettsnæringa. Det er under planlegging biogassanlegg med om lag 500.000 tonn biorest i Vestland. Dersom bioresten skal spreiast som gjødsel på landbruksareal, må den bli spreidd på mange titals tusen dekar som i dag får lite eller ingen husdyrgjødsel. Vestland har mykje husdyr og delar av bioresten kjem i tillegg til den vanlege husdyrgjødsla. Då kan det bli tilført meir av plantenæringsstoffet fosfor enn det plantene tek opp, og overskotet kan renne ut i vassdraga og gje forureining der.

Å levere organiske avfallsfraksjonar til biogassanlegg er ein god måte å ta hand om avfallet på. I biogassanlegg blir det produsert verdifull gass som gjev oss meir energi. Næringsstoffa i bioresten er gjødsel som gras eller korn kan gjere seg nytte av.

Landbruksjorda i Vestland har ikkje plass til alt fosforet frå dei biogassanlegga som no er under planlegging. 50 år med aktivt husdyrhald og årviss spreiing av husdyrgjødsel har gitt ei opphoping av næringsstoffet fosfor, og Vestland er eitt av fylka der innhaldet er høgst. Men vi har også areal med lite forfor, og dei areala har plass for noko biorest. Deler av bioresten må difor transporterast ut av fylket, og gjerne tilbake på kornjorda.». Vi har også areal med lite forfor, og dei areala har plass for noko biorest.

Landbruksministeren har varsla at det kjem ny forskrift om gjødsel, og at den både skal sikre nok næring til plantene og sikre at vassdraga våre ikkje vert forureina. Dette kan opne for målretta bruk av biorest på jordbruksareal, men også avgrense gjødsling med fosfor frå husdyrgjødsel, mineralgjødsel og biorest.

Dersom ein del av den produserte gjødsla frå biogassanlegg må transporterast ut av Vestland, er det viktig at dette no vert klart og tydeleg avklart. Dette er viktig for bedrifter som ønskjer å etablere biogassanlegg og for gardbrukarar som skal levere gjødsel eller ta imot biorest. Klare rammer er nødvendig før det vert inngått bindande kontraktar med bønder og bygd nye lager for biorest på gardsbruka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.