Jul med dårleg samvit?

Lanbruksdirektør Christian Rekkedal. Foto: Oskar Andersen

Det er snart jul. For ein vestnorsk pinnekjøtetar, som også er bekymra for klimaendringane, kan det lett gje dårleg samvit. Raudt kjøt frå sau og kyr er jo nærmast ein styggedom, må vite.

Publisert 20.12.2023

Dette innlegget frå landbruksdirektør Christian Rekkedal stod på trykk i Nationen 15. desember. 


Men det årlege forbruket av raudt kjøt per person tilsvarar ein flytur til England.

Jordbruket står for ni prosent av klimagassutsleppa. Utslepp frå drøvtyggarar som er i stand til å leve av gras, lyng og lauv er versting, fordi fordøyinga i vomma hjå sau, geit og kyr frigjer metan – som vert rekna som 28 gonger så skadeleg som CO2. Men dette viser ikkje heile samanhengen i karbon-kretsløpa i naturen.

Karbon er ein del av eit naturleg kortvarig kretsløp som startar med fotosyntesen: Plantane veks ved å ta opp karbondioksid frå lufta ved hjelp av sollys, vatn og andre plantenæringsstoff. Plantane gir mat til dyr og menneske, direkte ved å ete plantar eller ved å ete dyr som livnærer seg på plantar. Metan CH4 inngår også i det dette kretsløpet. Det har ein kortsiktig sterk klimaeffekt, men vert brote ned i lufta i løpet av ti-tolv år.

Det betyr i praksis at dersom vi held utsleppa av metan frå husdyr stabilt, eller helst med ein svak nedgang, så vil oppvarmingseffekten av metan vere null. Det er eit system i balanse. Men reduksjon av metanutslepp til lågare nivå vil gje ein forholdsvis rask kjølande effekt, eit argument for å unngå dramatisk temperaturauke.

Det langsiktige karbon-kretsløpet skjer når vi hentar opp minst 60 millionar år gamalt karbon i form av olje og gass. Det vart i si tid også laga ved fotosyntesen, bygde seg opp lagvis og vart til slutt fossilt karbon. Vi forbrenn det og sender CO2 opp i lufta så raskt at plantene ikkje maktar å binde det like fort. Vi får overskot av CO2 i lufta, langvarig drivhuseffekt og klimaendringar.

Klimagassutslepp frå norske drøvtyggarar, medrekna metanutslepp, er om lag 20 kg CO2-ekvivalentar per kilo kjøt frå sau eller mjølkekyr, og om lag 30 kilo CO2-ekvivalentar per kilo kjøt frå ammekyr. Importert storfekjøt har høgare klimaavtrykk enn det norske.

Til samanlikning ligg klimaavtrykket frå kylling, laks og svin, på berre tre-fire kil CO2 per kilo kjøt, og det er dette kjøtforbruket som aukar mest. Desse dyra lever i motsetning til drøvtyggarar på næringsrike kornprodukt som langt på veg kan brukast direkte som menneskemat. Skilnaden i klimaeffekt mellom raudt og lyst kjøt kan forklarast med at metanutsleppet er teke med i reknestykket.

Vi må erkjenne at det ikkje er mogeleg å produsere mat utan effekt på areal, natur, klima og miljø. Folketalet i verda har om lag dobla seg dei siste 50 åra, frå kring fire til over åtte milliardar menneske.

Den førre grøne revolusjonen i landbruket starta på 1960-talet og handla hovudsakleg om å produsere meir mat. Framleis er det kring 735 millionar menneske i verda som har så lite mat at dei svelt. Berekraftsmål nr 2 handlar derfor om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit, betre ernæring og fremje berekraftig landbruk».

Ei berekraftig utvikling er basert på samfunnet si evne til både miljømessig, økonomisk og sosial utvikling – utan samtidig å redusere framtidige generasjonar si evne til det same. Slik tradisjonen i landbruket er å overlevere gardsbruket i minst like god stand som det ein tok over.

Våre produksjonsforhold har alltid passa til å produsere høgverdig protein ved hjelp av meir eller mindre tame husdyr som kan ete gras, lyng og busker som menneskemagar ikkje kan fordøye. Ein klimapolitikk som på grunn av kortsiktige gevinstar fører til redusert norsk matproduksjon, er ikkje berekraftig på lang sikt - korkje for Norge eller resten av verda.

Vi må erkjenne at vi ikkje kan løyse klimaproblema utan ei viss endring i levemåte og prioriteringar – særleg knytt til forbruk av fossil energi. Vi bør starte der det har størst effekt, til dømes ved å reise mindre med fly. Vi et mindre kjøt per person enn folk i både Skandinavia, EU og USA, men reiser mest med fly per person.

Eit personleg døme: Eg er ein av mange norske Liverpool-tilhengar, og det hadde vore fint å oppleve ein storkamp på Anfield. Ein flytur Bergen–Liverpool (via Frankfurt) vil ifølgje snittet frå klimakalkulatorane hjå Gardermoen og reisebyrået Egencia, medføre eit utslepp på om lag 680 kg CO2, tur retur.

Gjennomsnittleg reelt kjøtforbruk i Noreg er kring 58 kg/år, og av dette er om lag 17 kg frå sau eller ku. Med eit middels klimaavtrykk på 20 kg per kg CO2 for raudt kjøt gir det eit utslepp på 340 kg CO2.

Ei fotballhelg i Liverpool vil altså tilsvare kring to års forbruk av raudt kjøt. Det set ting i perspektiv, og sjølv om fotball er det mest viktige av alt uviktig i verda, så vert valet mitt enkelt: Eg vil ha raudt kjøt produsert på lokale ressursar, og engelsk fotball er best på TV – særleg i jula.

God jul alle saman, med kvit snø og raudt kjøt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar