Melding om mogleg produksjonssvikt skal bli sendt digitalt

Landbruksføretak kan få tilskot ved produksjonssvikt som følgje av klimatiske årsaker. Ved mistanke om skade, skal kommunen varslast utan ugrunna opphald. Eit slikt varsel til kommunen skal i 2023 leverast digitalt.

Publisert 30.05.2023

Tidlegare år har landbruksføretak meldt kommunen om mogleg produksjonssvikt via e-post, telefon eller på anna måte. Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing der føretak melder om skade og mogleg produksjonssvikt via Altinn. Meldinga går automatisk til føretaket sin kommune.

Du kan lese meir om denne endringa på landbruksdirektoratet si nettside.

Vi gjer merksame på at melding om mogleg produksjonssvikt ikkje er ein søknad. Søknad om tilskot ved produksjonssvikt skal bli sendt inn i eit eige skjema innan 31. oktober. Les meir om ordninga på statsforvaltaren si nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.