Meir grønsaker på Bondens marknad i Bergen

Mennesker, grønnsaker, salg av grønnsaker
Nokre produsentar delte stand, andre hadde nok varer til å fylle ein stand åleine. Her er Nicola Trier fra Fana Markedshage, som produserer grønnsaker i testbeda på Stend vidaregåande skule Foto: Matthijs van Meurs / Bondens marked Bergen.

Bondens marknad har i mange år ønska seg meir grønsaker på marknadene sine. Ein pilot starta i Vestland i haust, og bar frukter etter fleire års arbeid med å stimulere til auke i lokal småskalaproduksjon av grønsaker.

Publisert 01.03.2024

Arbeidet starta i Vestland i 2019, i eit samarbeid mellom Bondens marknad, Norsk Landbruksrådgjeving og Statsforvaltaren i Vestland. I Vestland er det no 25-30 ulike småskala grønsaksprodusentar, også kalla marknadshagar. Ein tredjedel av produksjonen finn vi i bergensområdet. Produsentane har starta eit tettare samarbeid i år. I haust kunne vi handle frå fleire av produsentane på Bondens marknad, ved Bryggen i Bergen.

Annankvar laurdag kunne vi møte bognande standar, der produsentar selde eit mangfald av grønsaker. Mange av dei dyrkar 20-40 ulike kulturar på garden sin. Som kunde møtte vi kanskje ikkje den same produsenten kvar gong, men grønsaker frå ein lokal produsent fekk vi alltid handle. Dette tiltaket gjorde Bondens marknad i Bergen grønare og meir variert.

Statsforvaltaren i Vestland har, saman med Bondens marknad og Lystgården i Bergen, fått til eit samarbeid med Matarena, som arrangerer Matfestivalen i Bergen. For andre år på rad vil vi, dette året, finne grønsaker på fleire standar på matfestivalen i september. Nytt i år er eit tiltak for å få til eit samarbeid mellom kokkar og produsentar, slik at handmat, økologiske produkt og inspirasjonsrettar kjem ut til publikum under festivalen.

Les meir om prosjektet og sjå fleire bilete på Marknadshagar i Norge si nettside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.