Lundemannsverk gard i Leirvik

Ida Kleppe og familien flytte tilbake til heimkommunen til mannen hennar for to år sida. Då kom ho frå stillinga som Bybonde i Bergen og nyutdanna frå vaksengartnarstudiet på Voss - Ulvik.

Publisert 27.02.2024

Dei starta med blanke ark på garden dei kjøpte, ein eigedom som i mange år hadde vore til forfall. Den ligg utanfor sentrum i Leirvik i Stord kommune, ikkje langt frå Høgskulen på Vestlandet sin avdeling på Stord. Garden ligg nær ein marknad, med mange bustader og nokre kafear og restaurantar. Det var heller ikkje andre grønsaksprodusentar på Stord akkurat då.

Ida Kleppe hadde gjort ein marknadsundersøking året før, ved hjelp av facebook-kampanjar og spørjeundersøking. Ho visste med andre ord at det var ein interesse for hennar produksjon og gjorde at ho starta opp for fult i 2023, med både frilandsproduksjon og uoppvarma drivhus. Med drivhus kan jo strekke vekstsesongen både vår og haust.

- Det som har vore utfordringa i år har vore å vite om me kom til å få selt alt. Det gjorde me stort sett, men me måtte ofte «hive oss rundt» og finne ei løysing, då noko bråmodna og andre vekster ikkje kom som dei skulle. Me må bygge meir erfaring med kva som kan gje stabile og forutseielege avlingar. Då er me klare for å auke på, dersom marknaden framleis er med oss, understrekar Kleppe.

Dei driv om lag 2 daa med grønsaker, eit mål med eple og nyetablerte bærfelt. Dei har i tillegg eit uoppvarma drivhus med permanente jordbed for tomat, agurk og andre tidlegproduksjonar.

I 2023 starta dei med verpehøns, og skal i framtida ha 70 høner som legg egg for lokalsal. Dei har også nokre hestar som held beitene nede. Resten av areala er leigd ut til ein nabo som driv med saueproduksjon.

Både areal-og eggeproduksjonen vert drifta med økologisk godkjenning frå Debio.

2023 var fyrste året med grønsaksproduksjon for sal på garden. Kleppe har hatt om lag 25 kundar med i ei abonnementsordning i 20 veker, og har testa eit samarbeid med ein restaurant og pop-up utsal i Leirvik sentrum - og ikkje minst gardsutsalet i den nybygde driftsbygninga.

Kleppe fekk støtte frå Innovasjon Norge både til marknadsundersøking og til investeringar i driftsbygningar tilpassa grønsaksproduksjon og gardsutsal. Det står at å vurdere vatningsanlegg, noko som kan vere viktig på våren, då tørketida kan kome til Stord også.

I 2024 vil dei halde fram med grønsaksproduksjonen og gjere mange forbetringar både med sortsval, plastdekke for ugraskampen (spesielt i salatbeda), og ikkje minst med intern logistikk i produksjonen. LEAN-prinsipp vil ligge til grunn for organiseringa. Målet er at Ida skal kunne ha ein fulltids inntekt frå grønsaksproduksjonen og tilleggsaktivitetar som kurs og formidling frå gardsdrifta.

- Eg trur alle har vekstsesongar med mange utfordringar, dei fyrste åra dei driv. Det er så mykje ein skal bli kjent med: jorda, klima og vindretningar, kundar og salsmåtar, sortar og gjødsling. Det er så uendeleg mange faktorar som gjer livet som bonde både spennande og til tider ekstremt utfordrande, seier ei optimistisk Ida Kleppe.

Ida Kleppe og familien har delt nokre av desse oppturane og nedturane med andre gjennom serien Drømmen om et småbruk (nrk.no) på garden Lundemannsverk på Stord. Elles kan du fylje siste nytt frå gardsdrifta på:

 

Foto: Alle bilete i artikkelen er teke av Frøydis Linden, Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.