Fjern landøyda

Planta landøyda kan vere dødeleg for storfe og hest, og kan vere skadeleg for småfe. Planta er langt frå nokon nykomling på Vestlandet, men no ser det ut til at den er i rask spreiing. På og ved jordbruksareal bør den fjernast.

Publisert 01.09.2023
Gul blomst, blå himmel
Landøyda er ei svært giftig plante, som spreier seg lett dersom den ikkje vert fjerna. Foto: Monica Dahlmo.

Landbruksnæringa bør gjere ein innsats no, før det i åra framover kan bli så mykje av planta at "kampen" blir vanskeleg. Det finst ikkje særskilte tilskotsordningar for tiltak, men vi oppmodar faglag, bygdelag og dyrehaldarar om å organisere "aksjonar" i eiga bygd og kommune.

Landøyda er ein fleirårig plante som mellom anna veks i beite og langs vegar og grøfter, og kan lett kjennast på sine gule blomar på ettersommaren. Den har frø med fnokk og spreier seg lett med vinden, om lag som løvetann.

Gir leverskadar

Spesielt hest og storfe er vare for giftstoffa i landøyda, og kan få leverskader. Teikn på forgifting er at dyra blir avmagra og får illeluktande, mørk diare.

Nektar og pollen frå landøyda inneheld òg giftstoff, slik at honning frå område med mykje landøyda kan innehalde meir plantegift enn grenseverdiane tillèt.

Viktig med tiltak før spreiing til slåttemark

Der det er mykje landøyda langs vegar og på beite, ser ein no at planta òg spreier seg inn på slåttemark. Ved større mengder landøyda i silo eller høy, kan problemet med forgifting bli større enn på beite. Giftstoffa blir att i planta ved tørking og ensilering, og følgjer med på fôrbrettet, der planta blir eten, og ikkje vraka. Mattilsynet opplyser om at det etter matlova § 17 er forbod mot å gi dyr fôr eller omsette fôr som ikkje er trygt å ete.

På beite blir landøyda normalt unngått av dyra, men forgifting kan førekome. Landøyda endrar smak etter sprøyting og tørking, men giftstoffa forsvinn ikkje. Difor er det viktig å fjerne planta etter tiltak slik at den ikkje blir eten av beitedyr.

Ta ei økt med luking no, før frøspreiing

Eit aktuelt tiltak for å fjerne planta er luking før frøsetting. Planta er relativt lett å luke. Den er lett å sjå med sein blomstring frå august, og det kan framleis vere tid for tiltak i år. Plantedelane bør hivast i restavfall. Det må ikkje kastast i matavfallet! Sidan landøyda kan gi kontakteksem bør ein bruke hanskar under luking.

I eng og beite utan kløver viser NIBIO-forsøk at landøyda kan motverkast ved sprøyting med preparat som innehelder fenoksysyrer, spesielt mekoprop-p. Dette er ikkje aktuelt no på seinsommar/haust, men når planta er i vekst i juni. Følg instruksjonar på etiketten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.