Bli kjent med heile fylket - synfaring i Sveio, Etne og Kvam

Lausdriftsfjøs og gjødsellager plassert i terreng med vatn.
Lausdriftsfjøs og gjødsellager med flytedekke i Sveio. Foto: Martin Søgnen, SFVL.

Medarbeidarar frå landbruksavdelinga hos SFVL var i juni på synfaring til tre kommunar i sør. Bakgrunnen var å bli betre kjende med tilsette i kommunane, og å møte aktive bønder.

Publisert 13.09.2023

Vi har som mål å bli kjent med heile fylket, og denne gongen gjekk turen til sørlege kommunar. Arbeidsområda våre er, mellom anna, landbruksvegar, nydyrking, husdyrgjødsel, regionalt miljøprogram og generell landbruksdrift. Med utganspunktet i desse arbeidsområda fekk vi høyre om ulike problemstillingar, gode døme på ulike landbrukstiltak og erfaringar og tankar omkring landbruket i kommunane. Alle vi møtte var veldig engasjerte, reflekterte og sat inne med mykje kunnskap. Vi takkar så mykje for at landbrukskontora hadde høve til å ta imot oss og gje oss ei informativ og kjekk omvising.

I Sveio kommune vart vi tekne godt imot av Gjertrud Svartveit Osmundsen og Dagfinn Bjørge. Her fekk vi ei lita innføring i landbruket i Sveio. Her er det mange føretak som driv med sau, og det er ein del som driv med svin og storfe. Gjertrud og Dagfinn hadde laga eit godt og variert program, der vi fekk ein rundtur i heile kommunen, frå Eilerås i sør til Tittelsnes i nord. Vi var innom Nordskog, Rød, Førde, Einstabøvoll og Valestrand, alle med ulik drift, utfordringar og løysningar.

Dagen etter reiste vi vidare til Etne kommune. Her møtte vi Annbjørg Bue og Reidar Johan Rødne, som også hadde laga ein spanande plan for dagen. Vi var innom Enge, Sørelva, Austadlia og massetaket på Sørheim. Vi fekk mellom anna sjå både vipe og storspove, den idyllisk Sørelva, ein nyanlagd landbruksveg og eit nydyrka felt like ved massetaket på Sørheim.

På turen heim køyrde vi innom Tørvikbygd i Kvam kommune. Her vitja vi Røyrvikelva, som har ein elvemuslingsbestand. Vi fekk også sett på andre elvar og innsjøar, som er ein del av dei prioriterte områda vi har i regionalt miljøprogram (RMP) innafor to gjødselordningar.

Bildeserie frå synfaringa (PDF-dokument)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.