Tilsyn av dyr på utmarksbeite

Småfe som er på utmarksbeite skal minimum ha tilsyn ein gong per veke og storfe minimum to goner per veke. Tilsynslogg kan nyttast for å sikre dokumentasjon på utført tilsyn med dyra i utmarka gjennom beitesesongen (Dyrevelferdslova).

Til tross for jevnleg tilsyn med beitedyra kan uforutsette ting skje, og då er det viktig å dokumentere tapsårsak.  

Beitelag kan søkje om støtte til drifta og skal sende inn samla oversikt over tal tapte dyr på utmarksbeite for sine medlemmer. For å lukkast best mogeleg med tapsførebyggjande arbeid, er det viktig med ei mest mogeleg fullstendig oversikt over tapsårsakene. Det er såleis viktig at kvar bonde melder inn både sikre og trulege tapsårsaker for sin buskap.

Tabellen oppsummering av beitesesongen i rapporteringskjema skal etter beitesesongen fyllast ut og sendast til leiaren i beitelaget.

Rapporteringskjema/tilsynslogg for tilsyn av dyr på utmarksbeite 2020