Digital samling - Kartlegging og analyse som grunnlag for utviklingsarbeid

Dato:
21. november 2023 09:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
Einingsleiarar eller anna personale som har oppgåver knytt til kvalitetsutvikling ved grunnskulane i Vestland. Innhaldet er også aktuelt for tenesteleiarar for skule- og oppvekstområdet.
Påmeldingsfrist:
20. november 2023 16:00

Tysdag 21. november inviterer vi til digital samling med tema kartlegging og analyse som grunnlag for utviklingsarbeid i skulen.

Publisert 25.10.2023

Med utgangspunkt i dagens opplæringslov, vil Statsforvaltaren innleiingsvis ta føre seg kva plikter skulen og skuleeigarar har i høve kvalitetsutvikling og vurdering. Vidare skal vi sjå til den nye opplæringslova, og om det er nokon sentrale endringar på dette området.

Seinare skal Sølvi Lillejord og Per Garmannslund, belyse kva moglegheiter og utfordringar som ligg i bruk av talmateriale, og vidare samarbeidet mellom skuleeigar og skulenivået i kartleggings- og analysearbeid.

Sølvi Lillejord er professor emeritus ved UiB. Ho er ein sentral aktør på skuleforskingsområdet i Noreg, og har blant anna vore leiar for ekspertgruppa for skulebidrag. Per Garmannslund er dosent på avdeling for pedagogikk ved NLA høgskulen, og har lenge jobba med tema statistikk og analyse knytt til skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Opptak

Opptaket er arkivert.

Dato:
21. november 2023 09:00 - 11:30
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Vestland
Målgruppe:
Einingsleiarar eller anna personale som har oppgåver knytt til kvalitetsutvikling ved grunnskulane i Vestland. Innhaldet er også aktuelt for tenesteleiarar for skule- og oppvekstområdet.
Påmeldingsfrist:
20. november 2023 16:00