Landbrukskonferansen 2019 - Klimaklokt vestlandslandbruk

Dato:
3. september 2019 11:00 - 4. september 2019 15:00
Stad:
Sogndal Quality hotell, Sogndal
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland og Fylkeskommunen i Hordaland og Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Kommunane
Påmeldingsfrist:
19.08.2019 14:00:00

Korleis kan landbruket medverke i klimadugnaden og korleis kan bonden handtere klimaendringar? Dette er hovudtema for Vestland sin første landbrukskonferanse.

3-4. september arrangerer Fylkesmannen i Vestland og  fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane landbrukskonferanse i Sogndal.

Gjennom to dagar skal kommunar og andre interesserte få auka kunnskap gjennom gode og aktuelle innlegg, og dele erfaringar og idear. Vi vil også få tid til å bli kjende med nye samarbeidspartnarar og byggja nettverk.

Hovudtema for konferansen er Klimaklokt vestlandslandbruk. I tillegg får du innsikt i mange ulike landbruksfaglege tema.

Programmet finn du til høgre på sida.

Du melder deg på i skjemaet nedanfor. Alle parallellsesjonar finn stad onsdag 4. september.
For innhald i desse sesjonane, sjå programmet.

Påmeldingsfrist 19. august.

 

Dato:
3. september 2019 11:00 - 4. september 2019 15:00
Stad:
Sogndal Quality hotell, Sogndal
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland og Fylkeskommunen i Hordaland og Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Kommunane
Påmeldingsfrist:
19.08.2019 14:00:00