Nettverkssamling for økonomisk rådgjeving 29. august 2019

Dato:
29. august 2019 09:00 - 15:00
Stad:
Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen, møterom Ulriken
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
13.08.2019 23:59:00

Tema for samlinga er utleggstrekk. Namsfogden i Bergen held innlegg, og i tillegg blir det gruppearbeid.

Nærare informasjon om samlinga og program kjem seinare.

Praktisk informasjon og påmelding

Oppmøte og registrering i resepsjonen hjå Skatteetaten i Nonnesetergaten 4.

Samlinga er gratis, og det blir servert enkel lunsj. Om du har matallergiar, eller det er anna informasjon som er viktig for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga.

Vi sender ut endeleg stadfesting om tildelt plass på samlinga seinast veka etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Av omsyn til bestilling av overnatting, er påmeldingsfristen satt til tysdag 13. august 2019 kl. 23:59.

Fylkesmannen i Vestland bestiller og dekker kostnad med hotellovernatting 28. – 29. august for deltakarar som treng det grunna lang reiseveg. Dette blir praktisert strengt. Dei som har behov for overnatting melder frå om det i påmeldingsskjemaet.

Fylkesmannen dekker ikkje reiseutgifter i samband med samlinga.

Påmeldingsskjema

Deltakarar med lang reiseveg kan be om overnatting. Andre deltakarar vel "nei" her.

Treng du overnatting 28. august til 29. august?
Legg til i eigen kalender
Dato:
29. august 2019 09:00 - 15:00
Stad:
Skatteetaten, Nonnesetergaten 4, Bergen, møterom Ulriken
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve
Påmeldingsfrist:
13.08.2019 23:59:00