Fylkesmannens råd om koronatiltaka

Alle fylkesmenn fekk i helga i oppdrag om å gjere greie for positive og negative effektar av koronatiltak, og kome med råd om kva som burde skje vidare.

I brevet til Helsedirektoratet har vi gjort greie for korleis vi opplever at situasjonen har påverka ulike tenester og delar av samfunnet i Vestland.

Vi har også gjeve våre faglege råd til vidareføring og eventuelle justeringar av tiltaka. Av omsyn til barna, spesielt dei vanskelegstilte, og arbeidslivet, har vil tilrådd at det gradvis bør gjerast endringar i vedtaket om stenging av barnehagar og skular:

"Vi tilrår å sjå på om det er mogleg å tilby opplæring til dei første årstrinna i skulen, til dømes første til fjerde. Det vil truleg vere god nok plass i skulebygga til at dette kan skje utan å bryte for mykje med smittevernråda. Det at barn ser ut til å bli mindre sjuke av viruset meiner vi er eit tilleggsmoment for å starte med dei første årstrinna i skulen."

Dette er altså våre faglege råd til sentrale styresmakter. Vi rettar oss etter dei avgjerdene som blir tekne.

Brevet ligg ved.