Koronavirus

Det nye koronaviruset kan gi alvorleg lungebetennelse, men det er ikkje kjent kor alvorleg det er, eller kor lett det smittar. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet følgjer situasjonen tett, og planlegg saman med helsetenesta korleis vi skal handtere situasjonen.

Det nye koronaviruset er eit hittil ukjent virus, men det har visse genetiske likskapar med SARS-viruset (SARS-CoV). Begge virusa høyrer til koronavirusfamilien.

Smittekjelda er førebels ukjend, men ein antar at det er dråpesmitte som er smitteveg. Det finst ikkje noko vaksine eller spesifikk behandling mot sjukdomen.

Sjukdomen smittar som ved forkjøling og influensa ved at eit virus blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person, på tre måtar;

  • Gjennom lufta ved at den sjuke nys eller hostar, slik at viruset blir pusta inn, eller kjem i kontakt med slimhinna i auge, nase eller munn hos personar som står i nærleiken.
  • Ved direkte kontakt når den sjuke har fått viruset på henda og overfører det ved kontakt med andre.
  • Ved indirekte kontakt når viruset har blitt overført til inventar eller gjenstandar gjennom nys eller host eller ved at den sjuke eller andre har hatt viruset på henda, og andre kjem i kontakt med gjenstanden.

04.06.2020

Foreldrebetaling for SFO

Utdanningsdirektoratet har svart på spørsmål om foreldrebetaling i samband med koronasituasjonen, for dei med samfunnskritiske funksjonar.

04.06.2020

Rett til skuleskyss og oppmjuking av smittevern

Rett til skuleskyss og rett til opplæring skal gå føre avstandskravet i smittevernrettleiar for kollektivtrafikk der avstandskravet er til hinder for å få frakta alle barn og unge på skulen.

03.06.2020

Barnehagar og skular kan lette på smitteverntiltak

Eit nytt system med raudt, gult og grønt lys skal avgjere kva for smitteverntiltak som gjeld i barnehage og skule.

28.05.2020

Ny mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Forskrifta gjeld når aktivitet ikkje kan gjennomførast som planlagd på grunn av koronasituasjonen. 

22.05.2020

Ikkje endringar i alkohollova

Det er ikkje gjort unntak frå alkoholregelverket som følgje av koronasituasjonen.

20.05.2020

På tide å opne Nav-kontora

Vi forventar at alle Nav-kontor sørgjer for at innbyggjarane får moglegheit til å komme i kontakt med relevant personell på Nav-kontoret, også ved fysisk frammøte utan avtale.

15.05.2020

Ny rettleiar for smittevern i landbruket

I dag har Mattilsynet publisert ein ny rettleiar som skal sikre lite covid-19-smitte og oppretthalde trygg produksjon av frukt, bær, grønsaker og potet. Fylkesmannen i Vestland har delteke i arbeidsgruppa som har laga rettleiaren.

13.05.2020

Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge

Mange barn og unge har ikkje fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. Rapporten tilrår å opne alle tenester for barn og unge utan unødvendig opphald og i tråd med grunnleggande smittevernomsyn.

11.05.2020

Veterinærar og koronasmitte – gjeldande reglar

Landbruksdirektoratet har fått mange spørsmål som gjeld veterinærar i samband med utbrot av korona. I samarbeid med Mattilsynet har dei laga eit notat som svarar på ein del av desse problemstillingane dei har fått.

08.05.2020

Smittevernrettleiarar for barnehagar og skular

Frå måndag 11. mai opnar skulane for alle elevane i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Det er 7. mai gjort endringar i rettleiarane for smittevern i barnehage og skule.

Fleire nyhende