Samisk opplæring

Samiske barn i barnehage og samiske elevar i skulen har rett på samisk opplæring. Dette er regulert i barnehagelova og i opplæringslova med forskrifter. I Norge er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk offisielle språk. Desse tre språka, som er beskytta av den europeiske pakt for minoritetsspråk, er òg opplæringsspråk i barnehagar og skular.

Publisert 26.09.2023

Barnehagebarn

Samiske barn er enten i samiske barnehagar, i ein barnehage med samisk avdeling eller i andre barnehagar. Både innafor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk skal barnehagar støtte opp om barna sitt samiske språk. Rammeplanen for barnehagar vektlegg at «samiske barnehagar skal fremme barn sin kompetanse i samisk språk», medan andre barnehagar med samiske barn skal «(...)barna oppmuntrast til å ivareta og utvikle sitt språk, sin kompetanse og kultur uavhengig av kor i landet dei bur.»

Studiar viser at tal barn som har eit samisk barnehagetilbod har vore stabilt dei siste 15 åra. Det kan likevel tenkast at det er barn som ikkje får den opplæringa dei har krav på fordi barnehagen ikkje kjenner til at dei har samiske barn. Mange er stolte av å tilhøyra ein nasjonal minoritet og ønskjer å dele bakgrunnen med barnehagen, medan andre ikkje ønsker at dette skal komme fram. Det er altså opp til den einskilde om dei vil opplyse barnehagen om sitt opphav eller ikkje.

Elevar i grunnskulen

I samiske distrikt har alle elevar i grunnskulealder rett til opplæring i og på samisk. Utanfor samiske distrikt har minst ti elevar i ein kommune som ønskjer opplæring i og på samisk, rett til slik opplæring så lenge det er minst seks elevar att i gruppa jf. opplæringslova § 6-2. Dei siste åra har det vore ei auke i tal elevar med opplæring i samisk, men mange elevar fell frå samiskopplæringa undervegs i grunnskuleløpet.

Det følgjer vidare av opplæringslova § 6-2 femte ledd at utanfor samiske distrikt har samar i grunnskulealder rett til opplæring i samisk. Dette betyr at samiske elevar har rett til opplæring i samisk uansett kor dei bur i landet.

Meld. St. 13 (2022-2023) samisk språk, kultur og samfunnsliv

Det er første gang det blir lagt fram ei melding til Stortinget om samisk språk, kultur og samfunnsliv som omhandlar både kompetansebehov i barnehage, skule, og rekruttering av barn, elevar, studentar og tilsette til alle nivå i utdanningssystemet.

I følgje Meld. St. 13 (2022-2023) vil regjeringa gjennomføre eit krafttak for samisk språk og bidra til å utdanne fleire samiskspråklege lærarar i barnehage og skule. Regjeringa skriv mellom anna at «for at eit språk skal leve, er det avgjerande at barn og unge brukar språket i kvardagen». Slik synleggjer dei europarådet si pakt for minoritetsspråk som seier «staten» pliktar å sikre og fremje bruken av minoritetsspråk som har historisk tilknyting til Norge.

Barnehagen og skulen er viktige arena for å utvikle og bevare språkkompetansen. Regjeringa peiker på at det er mangel på samiskspråkleg kompetanse, det vil seie personale som beherskar samisk språk og har god kulturforståing. Barnehagane og skulane har behov for lærar og anna personalet med utdanning i og på samisk. Målet er derfor å få fleire kvalifiserte lærarar i barnehage og grunnopplæringa.

Regjeringa meiner at moglegheita for å velgje eit samisk barnehagetilbod og retten til opplæring i samisk vil ha avgjerande betydning for utviklinga og revitaliseringen av samisk språk og kultur. «Eit godt tilrettelagt samisk tilbod frå barnehage til høgare utdanning er derfor sentralt for framtida til dei samiske språka».

Regjeringa sine mål og ambisjonar

Målet til regjeringa er god samiskopplæring i barnehagar og skular. Regjeringa vil prioritere samiskopplæring i barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring og meiner det finns eit uutnytta potensial for

  • at fleire barn får eit samisk barnehagetilbud
  • at fleire elevar velg opplæring i og på samisk
  • betre tilrettelegging av opplæringa i og på samisk i grunnskulen og i vidaregåande opplæring

Tilskot til samisk opplæring i grunnskulen - GSI

Frå og med budsjettåret 2023 er ordninga om tilskot til samisk i grunnopplæringa lagt om jf. Prop. 1 S (2022–2023). Ordninga er ikkje lenger søknadsbasert, slik som tidlegare. Kommunane og private skular som har rapportert om elevar på samisk språk i GSI blir tildelt tilskot basert på desse opplysningane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.