Retten til å gå på nærskulen og søknad om skulebyte

Illustrasjonsfoto (Pixabay)

Grunnskuleelevar har rett til å gå på «den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til». Etter søknad kan eleven takast inn på ein annan skule enn den eleven soknar til.

Publisert 10.08.2023

Retten til å gå på nærskulen

Grunnskuleelevar har rett til å gå på «den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til». Dette følger av opplæringslova § 8-1 første ledd første setning. Dette kallast for eleven sin nærskule. Sjølv om lovteksten bruker ordet «eller», er den skulen som «ligg nærast» og den skulen som ein elev «soknar til» ein og same skule.

Retten til å gå på nærskulen er ein rett som er bygd på at det beste for barnet og barnet si utvikling er å få gå på nærskulen sin. Barn skal få gå på skule med andre barn frå nærmiljøet og få føle tilhøyrsel der. I mange tilfelle vil nærskulen òg sikre ein tryggare skuleveg for barna.

Vurderinga av kva som er eleven sin nærskule skal ta utgangspunkt i geografi. Det vil seie den skulen som geografisk ligg nærast heimen der eleven har si folkeregistrerte adresse. Geografi inneber likevel meir enn den fysiske avstanden. Ein må òg sjå på kva som topografisk og trafikalt er den nærmaste skulen. I tillegg skal det tas omsyn til andre relevante tilhøve, til dømes om søsken er plassert på den same skulen, kapasiteten på skulane og om skulevegen er farleg. Dette står i lovens forarbeider  (Ot.prp. nr. 46 (1997–1998) s. 178 og i NOU 1995: 18 pkt. 20.4.4.2).

Skulekrinsgrenser

Kommunane kan fastsette forskrift om skulekrinsgrenser, jf. opplæringslova § 8-1 første ledd andre punktum. Det vil seie at dei kan bestemme kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til. Slike forskrifter kan gis for å sikre ei føreseieleg og lik behandling for innbyggarane i kommunen, samstundes som det styrer den kommunale saksbehandlinga. Slike forskrifter vil vera sentral ved klagebehandling, der kommunen blir gitt høve til å synleggjere for Statsforvaltaren korleis nærskuleretten er ivareteken for den enkelte eleven i kommunen.  

Skulekrinsgrenser vil likevel berre kunne gjerast gjeldande i den grad dei er i samsvar med nærskuleprinsippet i § 8-1. Kommunen har difor ikkje høve til å sjå på skulekrinsgrenser framfor geografisk avstand. Det ligger såleis ikkje innanfor det kommunale handlingsrom/sjølvstyre å fastsetje forskrifter i strid med nærskuleprinsippet.


Kva om nærskulen er full? - Høve til å leggje vekt på omsynet til kapasitet

Det kan skje at skulen ikkje har plass til å gi alle elevane ein plass på sin nærskule. Generelt vil manglande plass eller kapasitet på skulene og dei ulike trinna, ofte vere ein tungtvegande grunn for å avslå ein søknad om skulebyte. Dette fordi det svært ofte ikkje vil vere til barnet sitt beste å gå på ein skule eller ein avdeling som allereie er full, særleg med tanke på elevane si helse og sikkerheit og det fysiske miljøet som elevane skal få si opplæring i. Ein skulekvardag er meir enn berre det sosiale miljøet, det fysiske miljøet må òg vere godt – for alle. Manglande kapasitet på ein skule, eit trinn, eller ein klasse, vil ofte vere eit omsyn som må få avgjerande vekt i saker om skulebyte. Kommunen vil i ein viss grad òg ha høve til å leggje vekt på framtidige kapasitetsproblem og omsynet til å halde opne plassar til elevar son flyttar inn i skulen sitt opptaksområde i løpet av skuleåret og som då vil ha denne skulen som sin nærskule.

Ved praktiseringa av nærskuleprinsippet er det derimot eit svært avgrensa høve til å leggje vekt på kapasitetsomsyn, både noverande og framtidige. Utdanningsdirektoratet har presisert i ein tolkingsuttale datert 12. desember 2014 at det er eit svært avgrensa høve til å legge vekt på kapasitet, og at det først er aktuelt å leggje vekt på når det kan dokumenterast at skulen er full. Utdanningsdirektoratet viser vidare til at ein skule er å rekne som full i nærskuleprinsippet sin forstand når elevtalet har nådd ei viss grense – skjønsmessig, pedagogisk og når ein ser hen til skulebygningane. Frå kommunen si side krevst det utførleg dokumentasjon på at nærskulen faktisk er full, og det er først dersom dette er dokumentert at den aktuelle skulen ikkje vil vere å rekne som eleven sin nærskule. I slike tilfelle vil eleven ha rett til å gå på den skulen som ligg nærast heimen, og som har kapasitet til å ta imot hen.     


Eleven kan berre gå på skule – Kva då der foreldra har delt foreldreansvar/delt fast bustad?

Det klåre utgangspunktet er at eleven sin rett til å gå på nærskulen berre gjeld i den kommunen der eleven bur. Dette følgjer av samanhengen til opplæringslova § 13-1, som seier at kommunen skal oppfylle retten til grunnskuleopplæring for alle som «er busette i kommunen». Med andre ord har ikkje ein kommune ein plikt til å gi grunnskuleopplæring til elevar som ikkje er busett i kommunen.

I forskrift til opplæringslova § 18-1 bokstav a, er ein elev rekna som busett i den kommunen «der foreldra, eller den av foreldra som har omsorga for barnet, bur». Bustadkriteriet er i utgangspunktet ikkje avhengig av folkeregistrering, men av kor barnet faktisk har sin heim. I praksis vil det likevel vere samsvar mellom ein elev si folkeregistrerte adresse og den adressa eleven faktisk bur på. Dette er fordi barn må følgje hovudregelen i folkeregisterloven § 5-1, som seier at ein person skal registrerast der han eller ho tar si regelmessige døgnkvile. Regelverket rundt folkeregisterloven § 5-1 er klar på at det berre er mogleg å vere folkeregistrert på éi adresse.

Foreldre som har delt foreldreansvar/delt fast bustad skal i fellesskap ta avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsorga for barnet, blant anna spørsmålet om bustad og andre større avgjerder i dagleglivet, jf. barnelova § 37. Delt fast bustad inneberer ikkje i seg sjølv at barnet bur like mykje hos begge foreldra. Opplæringslova med forskrifter og forarbeid gir lite rettleiing for dei situasjonane der ein elev bur like mykje hos kvar av foreldra. Med omsyn til at reglane i opplæringslova §§ 8-1 og 13-1 må vere føreseieleg for alle, og fremme lik behandling av elevane i ein kommune, er Statsforvaltaren si vurdering at det avgjerande må vere kva folkeregistrerte adresse barnet har. Ei anna løysing vil innebere stor fare for at ein ikkje vil klare å behandle elevar likt i vurderinga av kva som er eleven sin nærskule.

Kva skjer dersom ein flyttar?

Når ein flyttar og får ny folkeregistrert adresse, vil ein som oftast flytte nærare ein annan skule/inn i ein annan skulekrets. Ein får då tilhøyrsle til ein ny skule. Dersom ein ønskjer å fortsetje på den gamle skulen, bør ein snakke med rektor på den gamle skulen om dette. Ein må sannsynlegvis søkje skriftleg om å få fortsetje. Det er kommunen som skuleeigar som vurderer søknaden.

Søknad om skulebyte

Dersom ein elev ønskjer å gå på ein annan skule enn nærskulen, eller vil byte skule, kan ein søkje kommunen om dette. Dette følger av opplæringslova § 8-1 tredje ledd. Denne vurderinga er underlagt kommunen sitt frie skjønn. Fritt skjønn inneber at kommunen har ein viss fridom til å velje om ein søknad skal innvilgast, og det vil i desse tilfella vere større høve til å leggje vekt på manglande kapasitet enn der det er snakk om eleven sin nærskule. Barnet sitt beste skal likevel vere eit grunnleggande omsyn, og kommunen sitt skjønn står difor ikkje heilt fritt. Statsforvaltaren kan prøve alle sider av saka, men vi skal legge vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøvinga av det frie skjønnet, jf. opplæringslova § 15-1 tredje ledd. Dette inneber i praksis at det skal noko til før Statsforvaltaren kan kome til eit anna resultat enn kommunen. 

Dei fleste kommunane har eigne retningslinjer og prosedyrar knytt til søknad om skulebyte. Desse skal vere tilgjengeleg på kommunen sine nettsider.

Søknad om skuleplass i ein annan kommune

I dei tilfella skuleplassen er i ein annan kommune, vil ein innvilga søknad vere avhengig av to ulike forhald. For det første må bustadkommunen gå med på å betale for at eleven skal gå på skule i den andre kommunen. I tillegg må kommunen kor skuleplassen er ønska, ha kapasitet til å ta imot eleven og seie seg villig til å gi eleven skuleplass. Desse vurderingane er underlagt kommunen sitt frie skjønn, som omtala over. Fordi det inneber ein kostnad å betala for ein skuleplass i ein annan kommune, skal det noko meir til for å få innvilga skulebyte over ei kommunegrense enn ved byte internt i kommunen.

Barnet sitt beste – eit grunnleggjande omsyn

Etter artikkel 12 i barnekonvensjonen har barn rett, men ikkje plikt, til å uttale seg om alle tilhøve som gjeld barnet. Barnet si eiga mening skal ha vekt i samsvar med barnet sin alder og utvikling. Det kan i forbindelse med dette vere nødvendig å avklare kva barnet si mening faktisk er, kor sterkt barnet ønskjer skulebyte, kva grunngjevinga for dette i så fall er – for å få sikkert fram om det er barnet sitt eige ønskje å byte skule. Utgangspunktet er at barnet skal høyrast direkte, men barnet kan òg bli høyrt gjennom andre.

Barnet sitt beste skal vidare vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn, jf. FNs barnekonvensjon artikkel 3 nr. 1 og Grunnlova § 104, og det må vurderast konkret og individuelt i det enkelte tilfellet. Dette medfører, som nemnt, at kommunen sitt skjønn ikkje står heilt fritt. Sivilombodet har lagt til grunn at omsynet til barnet sitt beste skal ha stor vekt, og at det avgjerande for resultatet vil vere ei avveging mellom kor klart det er at det er til barnet sitt beste å få innvilga søknaden om skulebyte, opp mot dei omsyna som talar for at søknaden avslåast. Der omsynet til barnet sitt beste klart tilseier at søknaden om skulebyte bør innvilgast, må omsyna som talar mot vege desto tyngre.

Klage

Dersom ein har fått avslag på ein søknad om skuleplass eller vil klage på den plassen ein har fått tildelt, må ein gjere det innan tre veker frå ein fekk brevet frå skulen/kommunen. Klagen må vere skriftleg, og skal sendes til den som har gjort vedtaket. I klagen skriv du kva vedtak du klagar på og forklarer kva endring du ønskjer. Du bør òg skrive kvifor du ønskjer endring av vedtaket.

Dersom den som har gjort vedtaket ikkje finn grunn til å endre det, skal skulen/kommunen senda klagen vidare til Statsforvaltaren. Her får ein enten medhald i klagen og plass på skulen ein ønskjer, eller ikkje medhald. I nokre tilfelle sender vi saka tilbake til kommunen for ny behandling. Statsforvaltaren er endeleg klageinstans, ein kan difor ikkje klage på svaret ein får frå Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren si klagesaksbehandling

I ei klagesak vil Statsforvaltaren vurdere om eleven sin rett er oppfylt eller ikkje. Dersom eleven ikkje har fått plass på den næraste skulen, vurderer vi om kommunen har gode nok grunnar for å bestemme at eleven må gå på ein annan skule.

Ved søknad om skuleplass på ein annan skule i kommunen, eller ein skule i ein annan kommune, er det viktig å vere merksam på at dette ikkje er noko ein har ein lovfesta rett til. Det er kommunen som vurderer søknaden og svarer ja eller nei, og avgjerda ligg under kommunen sitt frie skjønn. Det betyr at Statsforvaltaren berre kan endre kommunen sitt vedtak dersom kommunen:  

  • ikkje fylgjer opplæringslova
  • har lagt til grunn feil fakta
  • ikkje har vekta barnet sitt beste opp mot andre omsyn
  • har gjort saksbehandlingsfeil
  • ikkje har fylgt god forvaltningsskikk. Det vil seie at kommunen har tatt utanforliggande omsyn, har usakleg forskjellsbehandla eller gjort eit urimeleg vedtak.

Reglar om klage og saksbehandling er å finne i forvaltningslova § 28 og utover.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.