Obligatorisk gjennomføring av kartleggingsprøvar for 3. trinn i oktober 2023

Kartleggingsprøvane i lesing (norsk og samisk) og rekning er obligatorisk for 3. trinn. Det er opent for påmelding i PAS-prøvar frå 4. september. Gjennomføringsperioden er veke 40-43 (2. oktober til 27. oktober 2023).

Publisert 22.08.2023

Formål

Kartleggingsprøvane er eit verktøy for at å sikre at elevane kan få tilbod om den tilrettelegginga som dei har krav på og for å hindre at elevane fell frå seinare i opplæringsløpet.

Tilgangar i PAS-prøvar

I PAS-prøvar har kommunenivået tilgang til å tildele roller nedover i systemet.
Vi vil oppmode kommunen å sjå til at alle som treng det er tildelt rolle og har tilgang i systemet i god tid før gjennomføringsperioden startar. Statsforvaltaren tildeler rolle til skuleeigar/kommune og til rektor ved private skular.

Påmelding

Skuleadministrator melder på alle elevane på trinnet, anten direkte i PAS – prøver eller gjennom det skuleadministrative systemet. Påmeldinga opnar fire veker før gjennomføringsperioden startar. Det er mogleg å melde opp elevar i heile gjennomføringsperioden. Elevar som har fritak skal òg meldast på til prøven.

Fritak frå prøvane er avgrensa

Det er to grupper elevar som rektor kan vurdere å frita frå dei obligatoriske kartleggingsprøvane. Det gjeld elevar som allereie har

• enkeltvedtak om rett til spesialundervisning
• enkeltvedtak om rett til særskilt språkopplæring for språklege minoritetar

I tillegg må det vere klart at resultatet frå prøven som eleven blir friteken frå, ikkje vil ha noko å seie for opplæringa til eleven.

Elevar med enkeltvedtak skal ikkje automatisk få fritak frå kartleggingsprøvane. Rektor skal i samråd med læraren gjere ein særskilt og individuell vurdering av om resultata til elevane med enkeltvedtak kan vere nyttige i tilrettelegginga av opplæringa. Avgjerda om fritak frå kartleggingsprøvar er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Kartleggingsprøvar på samisk

Det er utarbeida eigne kartleggingsprøvar i lesing på nord-, sør og lulesamisk. Kartleggingsprøvane i rekning er oversett og tilpassa nord-, sør og lulesamisk. Skulen må melde på elevar i PAS – prøvar med rett kode.

Brukarstøtte

Dersom det skulle oppstå problem undervegs skal skuleleiar ta kontakt med sin skuleeigar. Skuleeigar/rektor ved private skular skal rette spørsmål til statsforvaltaren. Kontaktpersonar er oppført i høgremargen. Statsforvaltaren kan eventuelt kontakte Utdanningsdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.