Foreldre må ha legeerklæring for å få omsorgspengar

Regjeringa har bestemt at foreldre må ha legeerklæring for å få omsorgspengar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.04.2020

Barnehagane og skulane skal opnast delvis frå 20. og 27. april med naudsynte smitteverntiltak på plass. Det kan likevel vere barn som bør vere heilt eller delvis heime i ein periode av særskilte smittevernomsyn.  

«Vi vil kreve legeerklæring for at disse foreldrene skal få utløst omsorgspenger», seier Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. «Dette gjør vi for at det ikke er opp til foreldrene å vurdere om barna er særlig utsatte. Det må en lege gjøre», seier han.

I høgre meny finn du pressemeldinga frå regjeringa. Du finn også svar på ofte stilte spørsmål knytt til rettleiaren for smittevern, og rettleiing frå Kunnskapsdepartementet om barn som bør vere heime av omsyn til smittevern.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.