Dronning Sonjas skulepris 2023

Statsforvaltaren har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å nominera skular til Dronning Sonja sin skulepris. Prisen blir delt ut annakvart år til ein skule som har utmerkt seg gjennom å praktisera likeverd og inkludering.

Publisert 27.06.2023

Dronning Sonja.jpg

(Kjelde foto: Kongehuset)

Vi oppmodar difor skuleeigarar til å melde sine skular som kandidatar. Andre aktørar kan òg nominere skular, via Statsforvaltaren. Skulane kan vere frå heile grunnopplæringa.

Kriteria for Dronning Sonjas skulepris

  • Skulen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • Skulen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplev å bli verdset i eit miljø som er prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.
  • Skulen er kjenneteikna ved å ha positive relasjonar mellom elevane og dei tilsetje, elevane imellom, i tillegg til eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Det er ikkje eit krav om at skulane må vere i mål med dette arbeidet. Skular som er i gode prosesser på veg mot å nå måla kan òg nominerast. Det er ingen avgrensing i tal nominasjonar.

Premie

Vinnarskulen får 250 000 kroner, diplom og eit kunstverk som er utforma av H.M. Dronning Sonja. Alle skular som er nominerte får eit diplom, som utmerking for at dei er valde som gode representantar. Utdanningsdirektoratet offentleggjer vinnaren i oktober.

Nominasjonsprosessen

Nominasjonsprosessen krev ein innsats frå skuleleiinga i kommunane og fylket for å identifisere kandidatar blant skulane. Vi oppmodar òg ulike organisasjonar til å ta kontakt med skular eller skuleeigarar som dei meiner oppfyller kriteria, og oppmode dei om å melde seg som kandidatar.

Utdanningsdirektoratet har laget eit skjema som skulane kan nytte når dei  skal skildre korleis dei arbeider med likeverd og inkludering, på https://www.udir.no/dronningsonjasskolepris.

Skjema må fyllast ut og sendast til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller som vedlegg i e-post til sfvlpost@statsforvaltaren.no. Frist er 16. august 2023. Merk med Dronning Sonjas skulepris 2023.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar