Foreldrenærvær i undervisninga

Foreldre kan av ulike årsaker ha eit ønske om å vera til stades i undervisninga. Men har dei eigentleg lov til det?

Publisert 03.08.2023

Opplæringslova inneheld ingen føresegner som gir foreldre ein rett til å vera til stades i undervisninga. Det er skulen og skuleeigar som i kraft av si styringsrett bestemmer kven som skal få opphalda seg på områda rundt skulen og i klasserommet. Rektor leier, organiserer og har ansvar for opplæringa på skulen, og kan dermed setja avgrensingar for kven som kan vera til stades i undervisninga.

Skulen er forplikta av forvaltningsrettslege reglar om teieplikt. Ein forelder som er til stades i undervisninga, kan få kjennskap til teiepliktig informasjon om andre elevar, noko som vil kunne medføre at skulen har brote teieplikta si etter forvaltningslova § 13. I tillegg til dette, kan det vere at andre elevar finn det ubehageleg eller utrygt at ein ukjend vaksen skal vere til stades i klasserommet.

Dersom foreldre har eit ønske om å trygge barnet sitt i undervisninga, vil skulen difor i staden velja andre og meir eigna tiltak for å trygge barnet. Eleven har rett til eit trygt og godt skulemiljø etter opplæringslova § 9 A-2, og skulen plikter følgje med på korleis barnet har det på skulen, gripe inn for å stanse ting som skjer, undersøke kva som ligg bak opplevinga av å utryggheit og å sette inn tiltak dersom det er naudsynt jf. § 9 A-4. I alle avgjersler som gjeld barn, skal barnets høyrast. Barnet og barnets foreldre får difor uttale seg om kva tiltak som kan vere aktuelle for at barnet skal få det trygt og godt i undervisninga.

Opplæringslova bestemmer også at skulen sørgja for eit godt samarbeid med foreldre, og forskrifta legg føringar for korleis eit slikt samarbeid skal gå føre seg. Her kjem det fram at foreldresamarbeidet skal ha eleven i fokus og bidra til den faglege og sosiale utviklinga til eleven. Det blir mellom anna gitt ein rett til utviklingssamtalar med kontaktlærar minst to gonger i året, for å gjera opp status om den faglege og sosiale utviklinga til eleven.

Samla sett skal opplæringslova sine føresegner om foreldresamarbeid - og skulens ansvar for å sikre eit trygt og godt skulemiljø for den enkelte elev - vere eigna til å ivareta barnet medan det er på skulen. Som eit klart utgangspunkt skal det difor ikkje vere naudsynt for foreldre å vere til stades i undervisninga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.