Styresmaktene tilrår ikkje å bygge på gamle avfallsdeponi

Kommunane må ikkje gi løyve til at det vert sett opp bygningar, der mange menneske oppheld seg, på nedlagde deponi som kan lekke ut helseskadelege gassar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2020

Det er heller ikkje tilrådeleg å bygge i randsona til nedlagde avfallsdeponi.

Det er den klare tilråding frå Miljødirektoratet til kommunar som vurderer å utnytte areala der det tidlegare har vore deponi. Denne anbefalinga og grunngjevinga for den vert støtta av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, som Miljødirektoratet har hatt tett kontakt med i arbeidet.

Les meir om saka på heimesida til Miljødirektoratet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar