Følg opp borkbiller i kommunar med stormskadar

Skog
Foto: Ingrid Knotten Haugberg.

Den kraftige stormen i november 2021 førte til store mengder vindfelt og svekka gran i fleire kommunar nord og vest i Telemark, og fangstane i borkbilleovervakinga viste aukande billeførekomst i nokre av dei i 2023. Det er difor grunn til å følgje nøye med på borkbillesituasjonen i 2024.

Publisert 08.01.2024

Vestfold og Telemark har fleire erfaringar med store angrep av granborkbiller etter tørkesommaren 2018. Det ser ut til at borkbilletoppen vart nådd i mange kommunar i 2021 og ein del kommunar i 2022. Kommunane i midtre og øvre Telemark har hatt små førekomstar av granborkbiller i åra etter tørkesommaren. Fangstane i borkbilleovervakinga i 2022 og 2023 viser likevel at mengda med biller er aukande lokalt i nokre av desse kommunane.

Statsforvaltaren si klare anbefaling har heile tida vore å hogge for å redde verdiar. Hogst av svekka, men levande, skog og hogst av frisk, hogstmogen granskog i nærleiken av angripen granskog bør prioriterast. Denne prioriteringa støttast av NIBIO og Landbruksdirektoratet i ein artikkel som vart publisert førre veke. Les artikkelen med ei lengre prioriteringsliste på Landbruksdirektoratet si nettside.

Planlegging og gjennomføring av hogst krev noko tid, og det kan vere ventetid på tilgjengeleg driftskapasitet. Når granborkbillene har angripe eit tre, går det berre få veker til tømmeret har mista sin verdi som ferskt virke. Det er for seint å bestille hogst, når angrepet vert oppdaga. Skogeigarar må difor vere føre var og så snart som mogleg planlegge hogst i svekka granskog og granskog i nærleiken av skog som vart angripen av borkbiller i fjor.

Kommunane må gjerne bruke sine informasjonskanalar for å nå ut til skogeigarane i aktuelle område.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.