Tilskot til tiltak mot Skrantesjuke (CWD)

Husdyrhaldarar som har dyr på Hardangervidda kan søkja tilskot til kostnadar for nye saltinnreiingar. Målet er å hindra spreiing av Skrantesjuke på hjortevilt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.10.2021

Skrantesjuke (CWD -Chronic Wasting Disease) er dødeleg for hjortevilt. Denne sjuka er komen til Hardangervidda. For å hindra Skrantesjuka i å spreia seg er det forbode å sette ut salt. Gamle saltplassar er difor sperra av.

Det er likevel gjeve løyve til at husdyrhaldarar kan gje salt til dyra sine i eigne saltinnreiingar som gjer at ville dyr ikkje kan nå saltet. For å bøta på dei ekstra kostnadane med nye saltinnreiingar kan dyrehaldarene søkja om eit eige tilskot.

Tilskot kan søkast av både enkeltføretak, beite- og sankelag. Fristen er 15. oktober og det må søkjast i Altinn.  Vi gjer oppmerksam på at søknaden må sendast Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

De finn fleire opplysningar om ordninga i dokumentet til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.