Kompetansekartlegging - til nytte i kommunal planlegging

Kompetanseplanlegging handlar mindre om kartleggingsverktøy, men langt meir om ein organisasjonskultur eller ei gjennomgåande haldning på alle nivå i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Dette kjem fram i rapporten frå Rambøll; Strategisk kompetanseplanlegging i kommunene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2018

Rapporten er laga etter oppdrag frå Helsedirektoratet i samband med gjennomføringa av Kompetanseløft 2020. Rapporten skildrar korleis eit utval av kommunar arbeider for å sikre nok personell med rett kompetanse i helse- og omsorgstenesta nå og framover.

Kommunane er valde ut mellom anna fordi dei er vurderte til å gjere eit systematisk og grundig arbeid med kompetanseplanlegging.

Rapporten kan lastast ned frå: https://helsedirektoratet.no/kompetanseloft-2020#rapportar

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.