Det skal være lett å gjere rett!

Håndhygienedagen 2023
Håndhygienedagen 5. mai 2023 Foto: FHI, Tegnehanne / FHI.

Dette er mottoet for den nasjonale markeringa av Handhygienedagen 5. mai 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.04.2023

Når helsepersonell er «Bar frå olbogen og ned» og det er gode handhygienefasilitetar, er det lettare å utføre handhygiene korrekt og til rett tid.

Auka etterleving av handhygiene gir auka pasienttryggleik, redusert smittespreiing og redusert førekomst av helsetenesteassosierte infeksjonar.

Tema for årets markering av håndhygienedagen:

  • Plassering av handdesinfeksjonsdispenserar
  • Bar frå olbogen og ned (fri for handsmykke, med korte, naturlege negler og kortermet arbeidsantrekk)
  • Etterleving av handhygiene (NOST)

Statsforvaltaren oppfordrer alle deler av helse- og omsorgstenesten i Vestfold og Telemark til å melde seg på markeringa.

Les om alle aktivitetar og tilgjengeleg materiell på Folkehelseinstituttet sin temaside om håndhygiene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.