Tilskot til hospiteringsordningar mellom kommunar og helseføretak

Ordninga skal bidra til å utvikla og spreie gode modellar for hospitering av tilsette mellom spesialisthelsetenesten og kommunale helse- og omsorgstenester. Det er sett av 6 millionar kroner på landsbasis i 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2020

Målet er at brukarar og pasientar får god og samanhengande behandling og oppfølging utan uønskte reinnleggingar i sjukehus. Det er kommunane som kan søke og fristen er 15. november 2020.

Prosjektperioden er sett fram til sommaren 2021 og tildelte middel kan overførast til neste år (etter søknad). Søknad må sendast til Helsedirektoratet

Tilskotsordninga er knytt opp mot eldrereforma «Leve heile livet». Tiltaka som kommunane kan søkje om bør difor primært være retta mot samarbeid om pasientar over 65 år, med hovudfokus på to av dei prioriterte gruppene i samband med etablering av helsefellesskap:

  • Skrøpelege eldre
  • Eldre med fleire kroniske lidingar

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.