Nytt e‐læringskurs for opplæring i prøvetaking for covid-19

Målgruppa for dette kurset er alle grupper helsepersonell som skal ta prøver ved covid‐19, unntatt legar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.10.2020

Kommunehelsetenesta må ha personale som veit korleis testen frå nase og hals skal utførast. Den må og ha eit system som sikrar at testkapasiteten raskt kan bli skalera opp ved auka smitte og smitteutbrot.

Kurset inneheld og ein del som har leiarar som målgruppe, og som går inn i leiaren si rolle og ansvar knytt til testing for covid‐19. Kurset er tilgjengeleg for deltakarar i «Min side» hos NOKLUS (www.noklus.no). På deira nettside er det publisert ein omtale av e‐læringskurset «Prøvetaking ved covid‐19».

NOKLUS har tidlegare laga eit e-læringskurs for legar «Laboratorieprøver ved covid‐19». Målgruppa er allmennlegar, sjukeheimlegar og legar med smittevernoppgåver, slik som kommuneoverlegar. Kurset er godkjend som valfritt kurs til spesialiteten allmennmedisin og er utan kursavgift: «E‐læringskurs for leger, covid‐19».

Referanser

  1. Helsedirektoratet. Operasjonalisering av testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) ved covid-19 i kommunene.
  2. Helsedirektoratet. Bruk av personellressurser ved TISK.
  3. Lovdata. Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar