Ny versjon av førarkortrettleiaren

Helsedirektoratet har publisert ei oppdatert versjon av førerkortrettleiaren på si heimeside. Sjå under Lenker på denne sida. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2020

Førarkortrettleiaren er gjennomgåande omstrukturert, slik at forskriftstekst og rettleiingstekst er skild frå kvarandre. I tillegg er rettleiinga i ein del kapittel noko revidert, og det er gjort presiseringar som kan gjera regelverket lettare å praktisera. Rettleiaren kan framleis takast ut i pdf-versjon.

Detaljar om endringar finst i endringsloggen:
https://www.helsedirektoratet.no/vegleiarar/forerkortveilederen/om-veilederen. På nettsidene vil søkefunksjon og abonnementsordning om endringar vera tilgjengeleg i rettleiaren. Det vil òg snarleg opprettast ei temaside der tidlegare utsegner frå Helsedirektoratet på førarkortområdet blir lagt.

Vidare revisjon av førarkortrettleiaren skal gjennomførast hausten 2020. Innspel Helsedirektoratet har fått frå fylkesmenn og helsepersonell, er noterte og vil bli vurdert i den vidare prosessen. Oppdatert kapittel alkohol/rus vil publiserast om 1-2 veker.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.