Bank og midlar til forvaltning

Som hovudregel skal pengar og annan finansiell eigedom som personar med verje eig, bli forvalta av Fylkesmannen. Personen det gjeld skal samtykke til slik forvaltning så sant han eller ho er i stand til å forstå kva eit slikt samtykke inneber.

Grensa for når Fylkesmannen pliktar å forvalte midlane, er sett til ein sum lik to gonger grunnsummen i folketrygda (2 G).

Dei midlane som blir forvalta av Fylkesmannen, skal plasserast som bankinnskot på individuelle konti i bank. Statens sivilrettsforvaltning, som sentral verjemålsmyndigheit, forhandlar fram avtaler og vilkår for innskotsformål.

Plasseringsalternativ for kapitalkonto (Oversikt over kva bankar som er med i ordninga for plassering av verjemålsmidlar, og kva plasseringsprodukt og vilkår dei tilbyr.)

Verja sitt skjema for bestilling og/eller endring av kapitalkonto (Skriv ut, fyll inn og send skjemaet til Fylkesmannen i Rogaland.)

Om forvaltning hos Fylkesmannen

Aktuell lov og forskrift:

Verjemålslova §§ 48, 49, 50 og 51

Verjemålsforskrifta § 26:

Verja sin bruk av barnet sine inntekter og kapital

Verja kan bruke av barnet sine inntekter, normalt renteinntekter og inntekter frå utleige, til å dekkje barnet sine eigne utgifter. Det er viktig å huske at det er ikkje familien sine utgifter som skal dekkast av inntektene eller kapitalen til barnet, bare barnet sine utgifter.

Ny verjemålslov § 37 regulerer verja sin bruk av midlar, og lyder som følgjer:

"Verja dekkjer utgiftene til den som er under verjemål, med dei inntektene vedkomande har. Dette gjeld også inntekter av midlar som blir forvalta av fylkesmannen. Om verja ved årsskiftet disponerer meir enn det som er fastsette etter § 49 fyrste ledd, blir betalte det overskytande til fylkesmannen. Fylkesmannen kan samtykkje til at ei slik innbetaling unnlatast.

Fylkesmannen kan fastsetje ein sum som verja ikkje må overskride, og fastsetje at inntekta av midlar som blir forvalta av fylkesmannen, for ein del ikkje skal utbetalast til verja.

Strekkjer inntekta ikkje til, kan kapitalen brukast heilt eller delvis. Bruk av kapitalen krev fylkesmannen sitt samtykke."

Bruk av barnet sine inntekter

Etter barnelova pliktar foreldra å dekkje utgiftene til barnet si forsørging og utdanning, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Dersom barnet har eigne inntekter, vil barnet kunne yte. Det er likevel ikkje ei plikt til å yte med heile inntekta. Barnet vil ha krav på å behalde noko, også med sikte på sparing.

Fylkesmannen kan fastsetje ei beløpsgrense som verja ikkje må overskride. Det vil kunne vere aktuelt der barnet har store inntekter. Kva beløpsgrense ein set vil avhenge av kor store inntekter, for eksempel renter av innskot, barnet har. Det må avgjerast konkret ut frå barnet sin økonomi og situasjonen elles.

Dersom det skal brukast av barnet sin kapital til dekning av barnet sine utgifter, må det søkjast om samtykke frå Fylkesmannen.

Det krev meir for å bruke av barnet si formue enn av inntektene. Det må gjerast ei avveging der omsynet til barnet sitt beste er viktigast. Det skal takast omsyn til barnet sitt ønske, når barnet er så stort at det skal høyrast. I tillegg må barnet sin økonomiske situasjon vurderast.

Plikt til å høyre den mindreårige

Der den mindreårige er over 12 år, pliktar verja å høyre kva den mindreårige meiner før verja avgjer. Dette gjeld i alle saker, også ved bruk av barnet sine inntekter eller kapital. Den mindreårige må derfor høyrast før verja sender søknad om bruk av barnet sin kapital til Fylkesmannen. Også barn under 12 år bør høyrast der det er naturleg ut frå kva saka gjeld og barnet si modning.

Aktuell lov