NY E39 – ikkje mogleg utan tap av store verdiar

Dei tre ulike korridorane som er lagt fram i Rogaland er R1, R2 og R3.
Dei tre ulike korridorane som er lagt fram i Rogaland er R1, R2 og R3. (Foto: Statens vegvesen)

Forslag til statleg kommunedelplan for ny E39 mellom Lyngdal vest og Ålgård har vore ute på høyring. Fylkesmannen har gitt uttale til anbefalt vegtrase i dag. Uansett kva slag korridor som blir valt vil det gå tapt store verdiar.

Tilrår klart korriodor R1

Tre alternative korridorar i Rogaland er lagd fram, R1, R2 og R3. Forskjellen mellom R1 og R2 er ikkje stor, men R2 gir fleire inngrep i nye område. R3 kjem dårlegast ut, og vil i langt større grad gå i heilt nye område. Fylkesmannen legg til grunn at R3 uansett ikkje er aktuelt i det vidare arbeidet.

Vi meiner at korridor R1 er samla sett best ut frå våre sektorinteressar. Nå er det opp til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet å ta den endeleg avgjerda om kva slags korridor som skal arbeidast vidare med.

Vi har og peika på fleire plantema som er viktig å avklara, som vegstandard, tilførselsvegar, overskotsmassar og erstatning av tapt landbruksareal.

To, tre eller fire køyrefelt?

Færre felt gir mindre tap av verdiar som landskap, naturmangfald og landbruk. Til dømes vil ein smalare trase vera enklare å plassera i terreng og landskap. På den måten er vegstandard eit like viktig tema som sjølve trasevalet. Med tanke på mål om mindre vekst i personbiltrafikken og 0-vekstmålet i storbyområdet, er dette framleis aktuelt å vurdere. Vi har derfor eit klart råd til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet om å opne for 2-3 feltsveg med midtrekkeverkkonseptet for heile eller delar av strekninga.

Tilførselsvegar i lause lufta?

Vi stiller spørsmål til korleis ny tilførselsveg frå rv. 421 ved Lomeland til dagens E39 ved næringsområdet på Eigestad, kalt «Westlink», skal gjennomførast, og kva slags overordna plan som skal gjelde. Det ligg allereie føre ein tilførselsveg i gjeldande kommuneplan for Eigersund. Gjennomføring av vegen er heller ikkje sikra i planmaterialet, og vi meiner at dette bør landast før vegen blir teken vidare til neste plannivå.

Det er også foreslått ein ny tilkoplingsveg mellom krysset ved Årrestad og fv. 42 i Gyadalen. Denne vegen må sjåast i samanheng med mineralressursane i Ualandsdalen/Gyadalen, og vi meiner at nytteverdien av vegen ikkje er støre enn dei verdiane som går tapt. Vi meiner derfor at vegen bør gå ut av planforslaget.

Handtering av overskotsmassar

Tunellar gir lågare negative konsekvensar i forhald til dei fleste forhold som er vurdert. Men tunellar gir mykje overskotsmassar. Kor mykje massar eller kva vi gjer med all massen har i for liten grad vore eit tema i kommunedelplanen. Naturleg nok blir ein del av massane kunne brukast i samband med vegbygginga, men korleis skal resterande masse handterast? Her er det mange variantar av deponering, og fortrinnsvis gjenbruk av massar. Dette blir eit svært viktig tema i reguleringsplanen og Fylkesmannen ser det som eit viktig premiss at dette blir avklart samstundes med planlegginga av vegtraseen. 

Erstatning av tapt landbruksareal

Vegprosjektet tar eit stort jafs i det årlege målet for nedbygging av jordbruksareal på 400 dekar, sett i regional jordverkstrategi. Det kan gjerast fleire grep for avbøtande tiltak. Til dømes kan sideareal til veg nyttast til landbruk. Man kan også bruka ledige areal i samband med etableringa av ny E 39.

I fleire kommunale uttalar er det nemnt at ein forutset sikring av erstatningsareal. Fylkesmannen er også positiv til å finne erstatningsareal, og til sikring av gjenbruk av toppjordlaget. På den andre sida er det viktig å ta med i vurderinga at sjølv om det er dyrkbare tilgjengelege areal, kan det vere viktige naturkvalitetar i slike område.

Ønsker du meir informasjon om planen eller lese vår uttale?

Du må gjerne å sjå videoen til vegvesenet som viser dei ulike vegtraseane.

Du kan også finne alle dokumenta i saka på vegvesenet si heimeside, vår uttale til saka finn du her.

Fylkesmannen tilrår at korridor R1 for ny E 39 blir valt. Statens vegvesen har anbefalt korridor R1, som korridor for ny E39 med variantane V2b, V3a og V4a. Trase R1 kjem samla sett best ut både for prissette og for ikkje-prissette konsekvensar. Vi har i tillegg fagleg råd om val av V3b ved Vikeså og V2b på Ualand.