Forsand: Lovleg vedtak om folkerøysting

Fylkesmannen har motteke krav om lovlegkontroll av kommunestyret i Forsand sitt vedtak om at det skal haldast folkerøysting. Konklusjonen er at vedtaket er lovleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.04.2019

Saka gjeld spørsmål om kommunestyret sitt vedtak om at det skal haldast folkerøysting i Forsand kommune om Forsand skal gå til Sandnes kommune eller til Strand kommune, er lovleg. Vedtaket blei gjort etter eit innbyggjarforslag. 

I strid med kommunelova?

I vedtaket til kommunestyret i Forsand heiter det:

"På bakgrunn av dei endra forutsetningane i kommunesamanslåinga mellom Sandnes og Forsand jfr, avgjerd i KMD, vedtek kommunestyret at det skal haldast folkerøysting blant innbyggjarane i Forsand. Røystene frå grensejustert område på nordsida av Lysefjorden skal komme fram som eige valgresultat. Folkerøystinga skal vera på Forsand kommunehus snarast. Røystelokalet skal vera open mellom klokka 09.00 og klokka 20.00. Det skal også vera førehandsrøysting.

  1. Ønsker du omgjering av vedtatt grensejustering ?
  2. Ønsker du, ut fra dagens situasjon, at resten av Forsand skal gå til

... Sandnes

... Strand"

Vedtaket blei påklaga av kommunestyrerepresentantane Oaland, Thu og Haukelid. Klagarane skriv at punkt 2 i vedtaket er ein omkamp på eit vedtak som alt er vedatt i kommunestyret i samband med kommunereforma. Etter kommunelova kan det ikkje fremjast forslag som har same innhald som ei sak som tidlegare er behandla i same valperiode.

Ikkje forbod

Kommunelova (§ 39a bokstav b) er ei innskrenking i den retten innbyggjarane har til å få ei sak tatt opp til behandling i kommunestyret. Lova inneheld likevel ikkje eit forbod mot at kommunestyret realitetsbehandlar slike initiativ. Fleirtalet i kommunestyret stemte for å ta saka opp til behandling. Dette hadde kommunestyret heimel til å gjera.

Vedtaket er etter dette blitt til på lovleg måte.

Brevet til Forsand kommune er lagt ved denne nettartikkelen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.