Senterutvikling i nye Jæren kommune

Fylkesmannen meiner det er andre faktorar enn kommunestruktur som eventuelt avgrensar vidare utvikling av handelen i Kleppe - og andre viktige senter på Jæren. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.03.2016

Dette kjem fram i brevet som i dag er send Klepp kommune. Brevet er ei tilbakemelding på spørsmål om handelslokalisering som blei drøfta på kommunebesøket 4. mars. 

Spørsmålet om korleis dei ulike sentera skal kunna utviklast dersom det blir ny kommunestruktur på Jæren, har vore oppe til diskusjon ved fleire høve og var sentralt i arbeidet med intensjonsavtalen mellom Hå, Time og Klepp. Regionalplan for Jæren har retningsliner knytt til senterstruktur og lokaliseringsstyring, og det kan vera behov for revisjon av regionalplanen dersom det blir ny kommunestruktur.

Rom for vidareutvikling

Det er Fylkesmannen si vurdering at det er rom i dagens regionalplan og kommuneplanar for vidare utvikling av viktige senter som til dømes Varhaug, Nærbø og Kleppe, slik ambisjonen er i intensjonsavtalen for Jæren kommune.

Brevet vårt til Klepp kommune finn du i høgremargen

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.