Invitasjon til felles kommunestyremøte for Finnøy, Rennesøy og Stavanger

I samband med at Stortinget har vedtatt at Rennesøy, Finnøy og Stavanger skal bli ein kommune, blir det kalla inn til felles kommunestyremøte. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2017

Møtet finn stad i Statens Hus, måndag 21. august, kl. 15.00.

Dette er eit reint drøftingsmøte med heimel i inndelingslova § 25. Derfor blir det ikkje gjort vedtak under møtet.

Innkallinga og sakslista til møtet finn du som vedlegg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.