Ny rettleiar om konstituerande møte i kommunar

Kommunelova har ei rekke føresegner om folkevalde organ og korleis desse skal veljast og setjast saman etter val til nye kommunestyre og fylkesting. Kommunal- og distriktsdepartementet har laga ein ny rettleiar om reglane i kommunelova om konstituerande møte og val til folkevalde organ. 

Publisert 18.09.2023

Rettleiaren gir mellom anna informasjon om kva som skal skje i det konstituerande møte, korleis val til folkevalde organ skal gjerast, kven som kan veljast og reglar om fritak. Du finn rettleiaren her.

KS sin artikkel om val av formannskap og fylkesutval - med rekneark
KS har laga ein nyttig artikkel om val av formannskap og fylkesutval. Her finn du og eit rekneark som kan vere til hjelp ved berekningane ved forholdstalsval som står omtala i rettleiaren til departementet. Reknearket kan og brukast ved berekningane til andre folkevalde utval. Artikkelen finn du her.

Webinar om val og politisk deltaking - CRPD
Barne- ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) har hatt eit webinar om val og politisk deltaking knytt opp mot CRPD, FN-konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Forskning viser at det i praksis kan vere vanskelegare for personer med nedsett funksjonsevne å delta politisk enn andre. Webinaret gir viktig kunnskap å ta med i konstitueringa der valet av personar til råd og utval skjer. 

Du kan sjå webinaret her.

Dersom du har spørsmål knytt til temaet konsituering er du velkommen til å ta kontakt med oss, på telefon eller e-post.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.