Avgjerder

06.03.2019

Avgjerder om habilitet

Etikk i kommunalforvaltninga er eit viktig tema som står høgt på dagsorden. Verdiar som openheit, rolleklarleik og etisk medvit er sentrale tema for å sikra innbyggjarane si tillit til kommunane. Fylkesmannen mottek ofte spørsmål knytt til habilitet for medlem i kommunale organ. I kolonna til høgre finn de departementet si rettleiar om reglane om inhabilitet i forvaltningslova og kommunelova, og eksempler på avgjerder frå Fylkesmannen der habilitet er tema.

26.02.2019

Avslag kommunal garanti

KMD har handsama klage frå Vindafjord kommune på Fylkesmannen sitt avslag om å godkjenna kommunal lånegaranti til Vindafjord tomteselskap AS. Fylkesmannen sitt avslag vart stadfesta. Departementet gjer i vedtaket ei nærmare vurdering av omgrepet "andre enn kommunen sjølv" etter kommunelova § 51 nr. 1 og "næringsverksemd" i kommunelova § 51 nr. 2.

11.06.2018

Fylkesmannen har tatt stilling til om Stavanger bystyre sitt vedtak om plassering av brannstasjon i Lervig er lovleg

Saka blei brakt inn for Fylkesmannen til lovlegkontroll av tre bystyremedlemmer. Fylkesmannen har kome fram til at kommunen si vurdering av dei ulike plasseringsalternativa er lovleg, men understrekar samtidig at spørsmålet må avgjerast endeleg gjennom ein reguleringsprosess.

15.12.2015

Fylkesmannen opphevar val av tre arbeidsutval i Stavanger

Årsaka er manglande kjønnsrepresentasjon. Tre bystyremedlemmer sendte inn lovlegklage på bystyret sine vedtak 19. oktober og 23. november 2015.

06.11.2014

Sokndal kommune, lovlegkontroll - utskifting av representantskapsmedlem i Dalane Energi i funksjonsperioden

Fylkesmannen har tatt vedtak i Sokndal kommunestyre opp til lovlegkontroll av eige tiltak.

24.02.2014

Strand kommune lovlegkontroll – Kva skal til for at eit kommunestyremedlem blir inhabilt pga. engasjement i saka?

Tre kommunestyremedlemmer har sett fram lovlegklage mot kommunestyre si avgjerd om å erklære eit medlem inhabilt pga. stort engasjement i sak knytt til Tau Fort. Fylkesmannen fann ikkje grunn til å oppheve kommunen sitt vedtak.